nyhende

Lars Einar Hollund (H) og Rune Teikari (Frp) er nøgd med ein ny barnehage som ikkje utvidar kapasiteten.FOTO: PRIVAT
Lars Einar Hollund (H) og Rune Teikari (Frp) er nøgd med ein ny barnehage som ikkje utvidar kapasiteten.

Erstatta, ikkje utvida

Det vert ny kommunal barnehage i Sveio sentrum. Kompromiss var løysinga på usemja mellom partia. — Forslaget om å ikkje utvida kapasitet er betydeleg betre enn det som har vore skissert, seier Jarle Jacobsen (KrF).

Publisert Sist oppdatert

Det siste kommunestyret før sommarferien gjekk fint for seg. Måndag kveld vart det avgjort at det skal koma ein ny kommunal barnehage i Sveio sentrum.

Tidlegare har dette vore eit splittande føreslag blant sveibuar og politikarane. Fleire lesarinnlegg har vore skrivne om saka.

Kritikarar og forkjemparar

Kritikarane har peikt på kostnadane, på eit allereie høgt tal ledige barnehageplassar, og ikkje minst at talet på barn søkk.

Forkjemparane meiner den eksisterande er gamal og ikkje held ein god standard. Skal Sveio vera trekka til seg nye innbyggarar er eit godt nivå hos offentlege tenester viktig.

— Dette vil gjera oss meir attraktive, sa ordførar Linn Therese Erve (Ap) under møtet.

Ho omtala det som ein gledeleg dag, og la til at ho trur på vekst i kommunen sitt innbyggartal.

Motstandarar snudde

Ein av dei som snudde i sin tidlegare motstand var leiar for KrF i kommunestyret, Jarle Jacobsen.

— Med ei så stor investering er det greit å ha eit samla kommunestyre når det er mogeleg å få det til, sjølv om vårt primærstandpunkt er å renovera, seier Jacobsen.

Kapasiteten var avgjerande

For KrF var kapasiteten på den nye barnehagen eit avgjerande punkt. Då det var einigheit om å ikkje utvida talet på barnehageplassar hjå komande barnehage, var dei nøgd.

— Forslaget om å ikkje utvida kapasitet er betydeleg betre enn det som har vore skissert over mange år. Det har vore snakk om seks pluss ein forsterka avdeling, no er det tre pluss ein forsterka avdeling, seier Jacobsen.

Han seier dei er nede på halvparten av storleiken som var ynskt å bygga.

Glade for løysing

Lars Einar Hollund (H) og Rune Teikari (Frp) er glad for å ha kome til ei løysing. Dei to omtalar seg sjølve, i lag med Asle Georg Halleraker (uavhengig) som representerer dei uavhengige, som hovudarkitektane bak vedtaket som vart røysta fram på kommunestyremøtet.

— Det var viktig for oss å bygga ein ny barnehage utan å auke kapasiteten, seier Teikari.

Vedtaket om ny barnehage har budsjett på 44 millionar kroner og vart samrøystes vedteke.

Powered by Labrador CMS