nyhende

Linn Therese Erve (Ap) var optimist då ho stemte på Vikse. Måndag kveld måtte ho erkjenna at tida som ordførar i Sveio snart er over.
Linn Therese Erve (Ap) var optimist då ho stemte på Vikse. Måndag kveld måtte ho erkjenna at tida som ordførar i Sveio snart er over.

Erkjenner nederlaget

– Høgre har gjort ein god valkamp og fått eit godt resultat. Det er berre å gratulera dei, seier avtroppande ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Publisert Sist oppdatert

Ho konstaterer at partiet hennar har gått tilbake, og meiner det det har fleire årsaker.

– Mellom anna har det kome fleire nye lister, og nasjonale trendar spelar også inn, seier Erve.

Samstundes understrekar ho at Ap framleis er det nest største partiet i Sveio. Ho tar til etterretning at dei borgarlege partia har inngått ein intensjonsavtale, og ønskjer dei lykke til.

– Me vil uansett arbeida vidare for å få gjennomslag for mest mogleg av vår politikk, seier Erve.

Powered by Labrador CMS