nyhende

I appen kan du ta bilete av soppane og senda inn til erfarne soppkontrollørar, som gir deg svar på om du har funne matsopp eller noko heilt anna du bør la liggja igjen i skogen.
I appen kan du ta bilete av soppane og senda inn til erfarne soppkontrollørar, som gir deg svar på om du har funne matsopp eller noko heilt anna du bør la liggja igjen i skogen.

Er soppen giftig?

Via gratisappen «Digital soppkontroll», lansert av Norges sopp- og nyttevekstforbund, er kontrollørar no tilgjengelege, og du får sjekka om soppen du har plukka er etande eller ikkje.

Publisert Sist oppdatert
Dekorativ sopp-miks, men ikkje alt er etande.

På soppkontroll.no får du instruksjon om korleis du tek bilete av soppen og får tilbakemelding om det er ein etande sopp, og i så fall kva for ein. På same stad finst oversikt over tid og stad for tradisjonelle kontrollar, som bør prioriterast om dei er tilgjengelege.

Det er Haugaland sopp- og nyttevekstforening som opplyser dette i ei pressemelding. Vidare blir det minna om at deira soppturar og kontrollar på Haugalandet er opne for alle.

I år blir det arrangert turar i Haugesund og Karmøy. Nytt av året er ein familietur i Vangen.

Fullstendig program finn ein på haugaland.soppognyttevekster.no, der ein også finn anna kontaktinfo.

Powered by Labrador CMS