nyhende
Er i gong med å redda gamle stadnamn i Sveio
– Mange av dei gamle stadnamna i bygdene våre er i ferd med å forsvinna. Det skjer nesten litt for kvar generasjon, seier Dagfinn Fagerland Bjørge. No er han og fleire frivillige i gong med eit omfattande prosjekt for å samla inn og kartfesta lokale stadnamn.
Initiativet kjem frå Sveio kystlag, som har oppretta ei eiga arbeidsgruppe for å redda stadnamna i kommunen. Målet er å samla inn så mange som mogeleg og sikra dei for ettertida i eit digitalt kart.
– På ein liten gard på berre ti mål er det registrert over 80 namn. Det seier litt om kor mykje lokal kunnskap som finst og som står i fare for å gå tapt, seier Bjørge.
Arbeidsgruppa har henta inspirasjon frå området rundt Oa. Ein tidlegare skulekrins nær Ålfjorden der lokale krefter har gjort eit imponerande innsamlingsarbeid det siste året.
– Dei har gjort ein fantastisk jobb. Det har vore både sosialt og lærerikt, og me vil bruka deira erfaringar vidare i vårt arbeid, seier han.
Frå gardar til sjøen
Det handlar ikkje berre om namn på jorder og åsar på land. Også fjordar, grunner og fiskeplassar skal med.
– Før brukte folk krysspeiling for å finna riktig fiskeplass, og då var det viktig å veta hva dei ulike stadane heitte. Mange av desse namna har levd munnleg, og forsvinn om ingen tar vare på dei.
No håper arbeidsgruppa at fleire vil bidra. Dei planlegg møte rundt om i kommunen der folk kan ta med seg namn dei hugsar og få hjelp til å føra dei inn i kartet.
– Me vil gjerne koma i kontakt med folk som sit på kunnskap om lokale namn. Me stiller med papirkart og etter kvart også digitale verktøy, sier Bjørge, som fortel at dei har søkt om støtte til nettbrett og anna utstyr dei ønskjer seg.
Gruppa ønskjer også å dokumentera uttalen av namna for å fanga opp den lokale dialekten.
Eit kappløp med tida
Ein del registreringar blei gjort allereie på 1970-tallet, blant anna av Nils Lokna, som også er med i dagens prosjekt. Mykje godt arbeid ligg allereie klart, men det trengs å bli samla og kvalitetssikra.
– Det er eit kappløp med tida. Me håper å vera ferdige med ein stor del av arbeidet innan neste sommar, men det viktigaste er at det blir gjort grundig og i samarbeid med folk som kjenner områda.
For Bjørge og dei andre i prosjektgruppa handlar det om meir enn berre namn.
– Dette handlar om identitet. Om historia vår. Kvar einaste bakketopp og stein med eit namn fortel noko om livet som har vore levd her. Det er på tide at me tar vare på det – ikkje minst for dei som kjem etter oss, seier han.