nyhende

For å fiska hummar må du vera påmeldt hos Fiskeridirektoratet. Foto: Privat
For å fiska hummar må du vera påmeldt hos Fiskeridirektoratet.

Er du klar for hummarfiske?

Haustens vakraste eventyr startar for mange onsdag 1. oktober. Før du kan starta hummerfisket, må du registrera deg hos Fiskeridirektoratet. Dette må gjerast kvart år.

Publisert Sist oppdatert

10 kjappe om hummarfiske

Dette må du vita:

  • Hummar med utvendig rogn er freda heile året.
  • Hummar som er mindre enn 25 cm må settast ut igjen i sjøen.
  • Du kan ikkje fanga hummar i hummarreservata.
  • Du må melda deg på til hummarfisket kvart år.
  • Du kan maks bruke 10 teiner per person og per båt.
  • Teinene skal ha minst to fluktopningar og eitt rømmingshol.
  • Teinene skal røktast minst éin gong i veka.
  • Vaket må merkast med deltakarnummer, namn og adresse.
  • Meld frå i Fritidsfiskeappen dersom du mister reiskap.
  • Fangst som skal seljast, må gå gjennom salslag eller godkjend kjøpar.

Du finn også mykje informasjon og andre nyttig ting som monteringsrettleiing for rømmingsopningar på Fiskeridirektoratet sine nettsider for hummar.

Det er først klokka klokka 08.00 1. oktober at du har lov til å setta ut teiner og begynna fisket. Sesongen er kort og varer til og med 30. november på våre kantar. Skal du fiska nord for Stadt kan du fiska hummer til og med 31. desember.

Men før du set hummerteiner, må du melda deg på hos Fiskeridirektoratet. Tysdag 9. september viser Fiskeridirektorat sin oversikt at det har 9.891 hummerfiskarar gjort over heile landet. Heile 9.680 av desse er fritidsfiskarar.

Fluktopning og minstemål

Du kan fiska med inntil ti hummerteiner per person og per båt. Fluktopninga i teinene må vera minimum 60 millimeter. Hugs at alle teiner og vak/blåse må merkast med namn, adresse og deltakarnummer. Fiskeridirektoratet oppmodar til også å skriva på telefonnummer slik at det blir lettare å eventuelt returnera reiskap.

Minstemålet for hummer er 25 centimeter. All hummer under dette målet skal settast ut igjen. Hummer som har utvendig rogn er totalfredet heile året.

Smart fiskar

Fiskeridirektoratet oppfordrar alle som skal ut å fiska, uavhengig av art, å ta kurset «Skitt fiske!». Der får du gode tips om korleis du kan fiska smart, og unngå å mista reiskapen du fiskar med.

Skulle du likevel vera uheldig å mista fiskereiskapane dine, kan du melda dette inn i på Fiskeridirektoratet sin Fritidsfiskeappen. I appen, som er tilgjengeleg både på Google Play Store og AppStore, finn du regelverk for alt fritidsfiske, inkludert hummer.

Powered by Labrador CMS