nyhende
Er du irritert på naboen din?
Nesten halvparten av alle nordmenn irriterer seg over naboen sin. Bråk og tre som skuggar for sola eller utsikta er viktige årsaker til nabokrangel.
Det går fram av ei Norstat-gransking utført for Frende Forsikring.
Nokre gonger kan ein prat løyse problemet, andre gonger bør du få hjelp av nokon som er upartisk.
– God kommunikasjon er som oftast nøkkelen, men for mange tar kjenslene heilt overhand. Nabokranging er krevjande og kan gå utover livskvaliteten når de er tett på kvarandre. Det er lurt å ta tak i problema raskt, så dei ikkje blir større enn dei trenger å vere, seier fagsjef hos Frende Forsikring, Lill Cecilie Bjørndal Klementsen, i ei pressemelding.
Ofte kan ein prat med nokon som ikkje er kjenslemessig involverte løyse krangelen.
Vi har alle høyrt historiene om dei villaste utslaga av nabokrangel. Slik som familien på Nesøya i Asker som kom heim frå ferie og naboen hadde saga uthuset deira i to, fordi han meinte halvparten stod på eigedomen hans. Eller den kjende Åkesson-Sturesson-feiden i Skåne i Sverige, ein snart 50 år gammal konflikt om kven som eig vegen mellom husa. Det har vore krangel, slagsmål, fleire rettssaker, fengselsdommar, og saka er enno ikkje løyst.
Eigedomsgrenser
Kjenneteikna på saker som eskalerer handlar ofte om eigedomsgrenser, bygging nær tomtegrense, tre og hekkar, veg- og parkeringsrettar, eller bråk og lukt. Også hundar og kattar har konfliktpotensial i seg.
Ein huseigar kan ha eit vakkert tre i hagen sin, som estetisk passar godt inn i omgivnadene, og som han ikkje kan tenkje seg kan sjå annleis ut. I nabohuset kan dei ha ei heilt anna oppleving av treet. For dei kan veksten opplevast som ein mastodont som skuggar for sola og tek frå dei dagslyset.
Temaet bråk er ei evig kjelde til konflikt. Bråk om morgonen, bråk midt på dagen, bråk på kvelden og bråk på natta. Det vere seg bråk frå bilar, frå høg musikk, frå gneldrebikkjer, grasklipparar med meir. Og det er vel ei kjensgjerning for mange at naboen slår graset akkurat når du har mest behov for ro.
– Snakk med naboen
– Om det oppstår ein konflikt mellom naboar er det viktig å løyse konflikten før det låser seg. Ta kontakt med naboen når noko plagar deg. Tidleg dialog er eit godt råd for korleis ein kan ordne opp i slike konfliktar sjølve, seier direktør i Konfliktrådet, Christine Wilberg til Nynorsk pressekontor.
Skulle ein krangel gå i skikkeleg vranglås, har Konfliktrådet lang erfaring i å mekle mellom partar.
– Vi kan hjelpe til med å leggje til rette for at naboar som har ein konflikt kan snakke saman og finne ei løysing som begge partar kan leve med. Dei skal halde fram med å vere naboar, og då må ein kunne gå ut i hagen sin utan å vere redd for å treffe kvarandre, opplyser Wilberg.
Erfaringa til Konfliktrådet er at dei fleste partane opplever at dei blir høyrde, og at saka får ei løysing dei kan leve med.
I Konfliktrådets brukarundersøking seier 76 prosent av partane i nabokonfliktar at dei vil tilrå Konfliktrådet til andre med liknande problem, altså tre av fire.
– Mange fortel at dei får tilbake tryggleiken etter slik mekling, og dei er glade for å sleppe å bruke tid og pengar på ein større rettsprosess, avsluttar Wilberg.
Konfliktråd i heile landet
Det er 12 ulike konfliktråd på landsbasis med rundt 450 meklarar. Konfliktrådet behandla 211 nabosaker første halvår i 2022, 240 i same perioden i 2023, 237 første halvår i fjor og 231 dei seks første månadene i år.
Dei 12 konfliktråda er inndelte slik politidistrikta er: Aust, Sør-aust, Oslo. Agder, Innlandet, Sør-Vest, Vest, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.