nyhende

Dei siste åra har «Den store bulkedagen» tradisjonelt vore 22. desember – men dagen har også variert, alt ettersom kva for dag julaftan fell på. I år reknar forsikringsselskapa med at heile veka før jul ha større risiko for bulking. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Dei siste åra har «Den store bulkedagen» tradisjonelt vore 22. desember – men dagen har også variert, alt ettersom kva for dag julaftan fell på. I år reknar forsikringsselskapa med at heile veka før jul ha større risiko for bulking.

Er du budd på å bulke bilen før jul? Her er 10 tips for å unngå smellen.

Statistisk sett er dagane før julaftan dei farlegaste og dyraste dagane å køyre bil. I snitt kostar kvar førjulsbulk ti tusen kroner – pluss eigendelen.

Publisert Sist oppdatert

NPK: Dei siste åra har «Den store bulkedagen» tradisjonelt vore 22. desember – men dagen har også variert, alt ettersom kva for dag julaftan fell på. I fjor oppgav Finans Norge at nordmenn dei tre føregåande åra har bulka og fått bilskader for over 800 millionar kroner frå 18. til 31. desember. Forsikringsbransjen hadde registrert nær 38.000 materielle bilskader blant private bilistar i denne perioden.

– Dagane i den siste veka før jul er dei verste bulkedagane, med ryggeskadar og påkøyring av parkert køyretøy. Men det er vesle juleftan som toppar lista for denne type skadar. Tala våre fortel at det i snitt er 560 slike uhell den 23. desember, fortel kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.

Det kan også gå hardt ut over julebudsjettet, seier ho:

– I snitt bulkar folk for rundt ti tusen kroner i slike samanstøytar i førjulsdagane. Eigendelen kjem i tillegg.

Stress og låg fart

Skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nielsen i Fremtind, forsikringsselskapet til Sparebank 1 og DNB, seier at dei som før er budde på at heile veka før jul har større risiko for bulking. Heldigvis er kollisjonane dominerte av småbulking i låg fart.

– Blir det i tillegg vanskeleg føre, vil dette kunne gi endå fleire skadar. Stress og aktløyse fører til mange skadar som kunne vore unngått. Vi utset ofte siste rest av julehandelen til siste liten. Det betyr mange folk i butikkane, lang opningstid og fulle parkeringshus, seier Hofstad-Nielsen.

1,8 milliardar

I 2021 vart det meldt inn 815 bulkeskadar til Fremtind i veke 52. 20. desember var det 157 bulkeskadar, og 21. desember 156 bulkeskadar. Den 22. desember steig talet til 165 bulkeskadar, medan det 23. desember var 154 bulkeskadar.

Ved utgangen av september i år forsikra selskapet 532.042 bilar og hadde ein marknadsdel på motorvognforsikring på kring 15 prosent i fjor. Både i 2020 og 2021 registrerte dei over 78.000 ryggeskadar, skadar ved påkøyrsel av køyretøy som står i ro og påkøyrsel bakfrå. Skadane hadde ein samla erstatningskostnad på 1,8 milliardar kroner. Totalt registrerte selskapet vel 267.000 bilskadar og motorskadar desse to åra. Dei utgjorde 30 prosent av alle bilskadane dei registrerte i 2020 og 2021.

– Dei mest typiske bulkeskadane er ryggeskadar, påkøyring bakfrå og påkøyring av parkerte køyretøy. Knutepunkt, parkeringsplassar og parkeringshus er vanlege plassar der kollisjonar skjer, fortel Hofstad-Nielsen, som rår folk til å ta seg god tid, la mobilen liggje og køyre forsiktig i parkeringshus.

(©NPK)

– Det er vesle juleftan som toppar lista for bulkeskadar. I snitt er det 560 slike uhell den 23. desember, fortel kommunikasjonssjef i Finans Norge, Stine Neverdal.
Stress og aktløyse fører til mange skadar som kunne vore unngått, fortel Therese Hofstad-Nielsen, som er skadeførebyggjar i forsikringsselskapet Fremtind.
Knutepunkt, parkeringsplassar og parkeringshus er vanlege plassar der kollisjonar skjer.

10 tips til ei bulkefri førjul

• Ta deg god tid når du skal parkere. Rygg alltid inn på parkeringa, ikkje ut. Er du bekymra for parkeringshus – parker utanfor om det er mogleg.•

• Ikkje stol blindt på alle funksjonane i bilen, som til dømes ryggekamera. Det er du som sjåfør som har ansvar for rørslene til bilen.

• Om du ikkje har mobilstativ, la mobilen liggje medan du køyrer. Har bilen Bluetooth bør du kople til denne før du startar å køyre.

• Gjer deg ferdig med tasting før du køyrer. Ikkje snap, skriv SMS eller plott inn adresser på GPS.

• Nyare bilar, og spesielt mange elbilar, har god akselerasjon. Ta det fint ut av kryss, ut av rundkøyringar og når du skal «flette» i kø, inn og ut av kollektivfelt eller på motorvegen.

• Stable julehandelen fornuftig inn i bilen, slik at du ikkje mistar sikta bakover – det er mange ryggekollisjonar i førjulsdagane.

• Hugs å sikre bagasjen, i tilfelle samanstøyt.

• Uansett biltype og storleik på motor: Køyr alltid fint og etter forholda.

• Skrap bilvindauga fri for is før oppstart, slik at du har sikt i alle retningar.

• Sørg for å ha reine vindauge og lykter, slik at du ser og blir sett.

Powered by Labrador CMS