nyhende
Er det (jord) berekraftig å selje i korg?
I desse dagar er dei norske jordbæra på full fart inn i daglegvarebutikkane. Kvart år blir det rapportert om at folk flyttar på bær for å fylle opp eiga korg mest mogleg. Bransjen jobbar med løysingar.
Korger som i utgangspunktet inneheld til dømes 400 gram jordbær kan fort vege både 500 og 600 gram dersom smartingar driv sjølvplukk og flyttar bær frå ei korg til ei anna – både for å få meir for pengane og finare og saftigare bær. I praksis er dette «jordbærtjuveri» og kan motsett føre til at andre kundar uvitande kjøper korger med jordbær som veg mindre enn dei skal.
– Det er eit kjent problem at nokre forbrukarar flyttar bær mellom ulike korger. Det blir jobba med å finne betre løysingar på dette. Eit grep vi har tatt er å få hank på korgene. Dette har hatt ein positiv effekt og skapar ein barriere som gjer at det ikkje er like lett å vippe jordbær over frå ei korg til ei anna, opplyser kommunikasjonsrådgivar Joakim Ingebrigtsen i Bama til Nynorsk pressekontor.
Lang tradisjon
Ingebrigtsen fortel at vi her i landet har hatt ein lang tradisjon for å selje bær per korg – og ikkje etter kilopris slik ein gjer med mykje anna frukt og grønt.
– Det er slik vi kjøper inn bæra frå produsentane, og i tillegg er det noko forbrukarane er vande til og forventar når dei skal kjøpe jordbær, seier han.
Valldal Grønt AS er ein av dei største jordbærprodusentane i Noreg. Dei fortel at det er gunstig for dei å selje bær i små einingar, som korger.
– Jordbær er eit produkt som toler lite. Bæra kan fort bli skvisa om det er for mykje vekt. Det er viktig at konsum-jordbær ser bra ut, derfor fungerer korger på 500 gram godt, skriv verksemda i ein e-post.
Dei er likevel klare på at det i utgangspunktet ikkje har noko å seie om dei må selje korgene sine med pris per eining eller med kilopris.
– Vi ser korkje fordelar eller ulemper med korgpris kontra kilopris.
Må opplyse om kilopris
I Noreg er det Justervesenet som fører tilsyn med målingar som blir brukt ved kjøp og sal. Dei meiner butikkjedene er dei rette til å svare på kvifor jordbær blir selt i korger.
– Uansett skal forbrukarane få det dei betaler for, og her kan kilopris absolutt vere nyttig for å sikre dette. Ein annan måte å sikre nettoinnhald på er at ein via ei form for forsegling sel det som ferdigpakning. I så fall vil produsentane og pakkarane ha eit ansvar for å sikre at krava til ferdigpakningar blir overhaldne, opplyser informasjonssjef Thomas Framnes i Justervesenet til Nynorsk pressekontor.
Forbrukarjurist Thomas Iversen i Forbrukarrådet tilrår at du kontaktar dei tilsette i butikken om du er usikker på om ikkje alt er som det skal i jordbærkorga du er i ferd med å putte i handlevogna.
– Om nokre av korgene inneheld dårlege bær, bør du seie ifrå til beteninga. Det same gjeld om du kjem over ei korg der du mistenkjer at det manglar bær, seier han.
Trass i at jordbær blir selt etter pris per korg er butikkane òg pliktige til å oppgi kiloprisen.
– Jordbær som blir selde i korg skal ha både kilopris og pris per eining på hylla, opplyser Iversen i Forbrukarrådet.
Forbrukarrådet er mest opptekne av at butikkane skal oppgi riktig prisinformasjon på varene dei sel.
– Jordbær som blir selde i korger har ein kilopris, men er prisa per korg. Sidan korgene i utgangspunktet skal innehalde same mengda jordbær, skal prisen forbrukarane betalar vere lik, seier Iversen.