nyhende
Enorme prisskilnader på straum mellom nord og sør på Vestlandet
Medan straumen har vore relativt billeg nord for Sognefjorden i vinter, har prisen på sørsida vore desto høgare. Og det er lite håp om like prisar i overskodeleg framtid.
Kraftmeklar Martin Emblem i Tafjord Kraft har på oppdrag frå Sunnmørsposten rekna ut kva ein gjennomsnittsfamilie i Ålesund har betalt for straumen i perioden frå oktober i fjor til januar i år samanlikna med ein gjennomsnittsfamilie i Bergen.
Utgangspunktet er eit årleg forbruk på 23.000 kilowattimar, som er cirka snittforbruket for eit hushald. Skilnaden mellom dei to vestlandsbyane er på 10.000 kroner. Ein familie med dette forbruket i Ålesund har i denne perioden betalt rundt 2500 kroner meir for straumen enn same perioden året før.
Ein tilsvarande familie i Bergen har måtta betale 12.5000 kroner meir denne vinteren enn vinteren før. Og på Sør- og Austlandet har prisane vore endå høgare enn på Vestlandet sør for Sognefjorden, og det har ført til sterke reaksjonar frå fleire hald.
Det er vanskeleg å forstå kvifor straumen skal vere så dyr i sør og så billeg i Midt-Noreg og Nord-Noreg.
Straummarknaden her i landet er delt inn i fem prisområde. Grovt delt inn er 1 Austlandet, 2 er Sørlandet, 3 er Midt-Noreg (Vestlandet nord for Sognefjorden og Trøndelag) 4 er Nord-Noreg og 5 er Vestlandet opp til Sognefjorden. Desse sonene følgjer ikkje korkje fylkes- eller kommunegrenser.
Ikkje stor nok kapasitet
Senior kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen Holdhus i Statnett fortel at overføringskapasiteten mellom dei ulike prisområda ikkje er stor nok, og at det også er ei årsak til at det er ulik pris. Dette blir forsterka gjennom at det er mindre kapasitet enn normalt også i det svenske nettet.
– Dei siste ti åra har det vore tilnærma like snittprisar her i landet. No har vi ein spesiell situasjon med lite vatn i magasina i sør, medan det er god kapasitet i nord. I denne situasjonen fører dårlegare overføringskapasitet til stor ulikskap i pris mellom dei ulike områda. Mykje av flyten frå nord til sør går også gjennom det svenske nettet, men avgrensa kapasitet der forsterkar dette biletet seier han.
Han fortel at det er konkrete prosjekt for å auke kapasiteten frå Midt-Noreg inn til Vestlandet, og kapasiteten gjennom Trøndelag skal også aukast. Det er også planar om å auke kapasiteten på sambandet nord-sør gjennom Gudbrandsdalen inn mot Oslo. Men Holdhus er klar på at det ikkje er mogleg å byggje eit nett med så stor overføringskapasitet at det kan sikre lik pris i alle situasjonar.
Kva er det så som har skapt denne situasjonen?
For det første er det ein kraftig auke i straumforbruket i sør. Det har med det grøne skiftet å gjere. Det er store planar for elektrifisering i næring og industri. Enkelt forklart er det lite vatn i magasina i sør, medan det altså er rikeleg i nord. I tillegg har til dømes Nord-Noreg og Midt-Noreg god tilgang på straum frå vindkraft, både her i landet og frå Sverige.
Men det er ikkje heile forklaringa. I tillegg har det denne vinteren vore ekstremt høge prisar på gass og kol i Europa, og det smittar inn på den norske kraftmarknaden. Ei viktig årsak er at Russland ikkje vil auke sine leveransar av gass til EU.
– Prisane vil gå ned
– Vår kortsiktige marknadsanalyse legg til grunn at prisen på kol og gass i Europa vil stabilisere seg frå det ekstreme nivået i dag. Det vil gi lågare kraftprisar i Europa. Vi reknar med at det framleis vil vere ulik pris mellom nord og sør, men med betydeleg mindre ulikskap enn i dag. Ulikskapen skuldast blant anna at det blir bygd ut mykje vindkraft i Nord-Sverige, som gir eit stort regionalt kraftoverskot nord i Norden, medan, det er sterk forbruksvekst i sør, seier Håkon Holdhus.
Journalist Jon Hustad i vekeavisa Dag og Tid hadde ein grundig gjennomgang av straumkrisa i den siste utgåva av avisa. Han meiner blant anna at «prisane i Sør-Noreg er ein funksjon av dårleg samfunnsplanlegging og elendig avkasting på kapital andre stader i Noreg og Sverige. Det handlar om den grøne vendinga», altså det grøne skiftet.
Han skriv vidare: «Det var i 2013 at Statnett søkte om å få byggje kablar til Storbritannia og Tyskland. Det skjede på eit tidspunkt då det var klart at britisk gassproduksjon var på veg ned, og at Tyskland hadde sagt at dei ville avvikle atomkrafta. På det tidspunktet gjekk Nore og Sverige mot eit stor kraftoverskot. Tanken var at kraftoverskot fører til lågare prisar. Nye kablar til Storbritannia og Tyskland kunne føre til at dette overskotet vart eksportert, og såleis halde prisane oppe.»
Hustad nemner også at vi har hatt ein investeringsboom i næringa. Sidan 2012 er det investert 306,2 milliardar kroner i kraftforsyning, og kvart einaste år mellom 2012 og 2021 er det investert meir i kraftforsyning enn i industri og bergverk her i landet.
– Statnett tok feil
Jon Hustad meiner Statnett tok feil i analysen sin.
«Det er ikkje nokon annan konklusjon å trekkje enn at Statnett tok feil i analysen av både kraftoverskotet og flaskehalsane internt i Noreg då dei søkte om å byggje kablar til Storbritannia og Tyskland. Men så vart elektrifiseringsordninga sett i verk utan ein overordna plan om samfunnsnytte».
– Auka utvekslingskapasitet på dei nye kablane spelar inn i prisdanninga, men vi reknar framleis med at dei gjennomsnittlege prisverknadene over tid vil vere i tråd med det som vart lagt til grunn då det vart søkt om konsesjon. Analysane våre strekkjer seg over levetida til kabelen, og prisverknadene vil variere i ulike situasjonar. På kort sikt og med situasjonen i dag kan sambanda gi ein litt større prisverknad, medan dei i andre situasjonar kan vere med på å gi lågare prisar for norske forbrukarar, seier Håkon Holdhus i Statnett.
Jon Hustad brukar 19. januar i år som eksempel på merkelege ting som skjer i straummarknaden. Dette var i etterkant av uveret «Gyda», som sytte for stor snøsmelting og påfyll i magasina, samstundes som mykje vind førte til billeg straum også i Europa.
Han viser til ein skjermdump frå Statnetts driftsdata som viser at det var svært låge straumprisar i heile Skandinavia, bortsett frå prisområde 1, 2 og 5 her i landet. Altså på Sørlandet, Austlandet og på Vestlandet sør for Sognefjorden.
Medan Danmark og Sverige har ein pris på rundt 15 øre kilowattimen denne dagen har sone 1,3 og 5 i Noreg, altså Sørlandet, Austlandet og Vestlandet sør for Sognefjorden, ein pris på 134 øre pr. kilowattime. Midt-Noreg og Noreg har rundt same prisen som dei skandinaviske nabolanda.
Hustad peikar på kabelen til Storbritannia som ei av årsakene til den store prisskilnaden. For i Storbritannia var prisen denne dagen 207 øre pr. kilowattime. Statnett minner på si side om at denne kabelen har avgrensa kapasitet, og at når det er lågare prisar i Sverige og Danmark blir det importert kraft derfrå. Dei peikar på at det er mange faktorar som spelar inn på prisen, både resurssituasjonen i ulike område i Noreg, prisane i nabolanda og utvekslingskapasiteten mellom område og land.
Men Hustad har meir på lager:
«Elles er kabelen til Storbritannia ein rein eksportkabel. Halvparten at overskotet på denne norske eksporten går til Statnetts partnar National Grid. Vi betalar altså for å få lov til å eksportere til britane. Det må kallast solidarisk».
(©NPK)