Forsvarsminister Odd Roger Enoksen (Sp) er onsdag i Brussel for å delta på eit ekstraordinært forsvarsministermøte i Nato. Her er han til stades då overvakingsflya P-8A Poseidon kom til Noreg.FOTO: NPK
Enoksen varslar auka løyvingar til Forsvaret
Forsvarsminister Odd Roger Enoksen (Sp) seier at regjeringa har vedteke å styrkje Forsvaret med ekstra løyvingar allereie inneverande år.
NPK-NTB: – Regjeringa har teke ei avgjerd om å styrkje Forsvaret allereie i år med ei ekstra løyving, seier Enoksen, som onsdag deltek på eit ekstraordinært forsvarsministermøte i Nato.
Han varslar at budsjettløyvinga vil bli presentert førstkommande fredag.
Regjeringa har denne veka sete i budsjettkonferanse for å meisle ut neste års statsbudsjett. I bakgrunnen lurer krigen i Ukraina.
Enoksen vil ikkje røpe kva styrkinga av Forsvaret går ut, men seier at det mellom anna handlar om å auke aktiviteten i nord.
– Der gjer vi tiltak både på militær og sivil sektor, seier Enoksen til pressa.
Han slår òg fast at Noreg står ved Natos toprosent-mål.
– Regjeringa har allereie i Hurdalsplattforma sagt at vi skal styrkje forsvaret vårt i nord, og det er både i forhold til nærvære i nord og auka aktivitet i nord, seier han.