Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Engasjert debatt om myrar
– Endeleg kan eg stå her og snakka om noko eg faktisk har greie på, sa Olav Østebø Olsen (SV) då han måndag tok ordet i kommunestyret for å snakka om myrar.
Bakgrunnen var forslaget til endringar i plan- og bygningslova som inneber forbod mot nedbygging av myr. Kommunen har fått lovforslaget til høyringsuttale.
Formannskapet støtta i si innstilling intensjonen i lovforslaget, men med ei rekke presiseringar. Mellom anna meiner dei forbodet ikkje må få tilbakeverkande kraft på reguleringsplanar som er vedtekne.
Skilde lag på eitt punkt
Juristen Olsen, som dokumenterte sin fagkunnskap om myrar ved å fortelja at han i si tid skreiv masteroppgåve om det rettslege grunnlaget for vern av myrjord, støtta også forslaget om forbod mot nedbygging, men skilde lag med formannskapet på eitt viktig punkt.
Olsen meinte nemleg at lovendringa ikkje må få tilbakeverkande kraft berre for reguleringsplanar som er vedtekne etter 1. oktober 2018. Eldre planar der utbygginga enno ikkje er komen i gang, meiner han lovendringa også må få konsekvensar for. Dette vil i så fall gjelda for Ekrene.
– Det vil vera ei naturkatastrofe om den planen blir gjennomført, sa Olsen mellom anna.
Imot tilbakeverkande kraft
Mikal Møller Hovda (H) kunne ikkje påberopa seg anna fagkunnskap om myrar enn at han som truleg den einaste av dagens kommunestyrerepresentantar har vore med på torvskjering. Han var imot alle former for tilbakeverkande kraft for vedtekne reguleringsplanar.
Under avrøystinga fekk formannskapet si innstilling 23 røyster. Innstillinga frå formannskapet var identisk med eit fellesforslag frå Høgre, Frp og KrF som først blei lagt fram i hovudutval teknisk og næring og fekk tilslutnad der. Olsen sitt forslag fekk berre hans eiga og MDG-representanten Ole Ørjan Hov sine røyster.