nyhende

Advokat Hilde Engeland i NKK er glad for at ei ny hundelov er vedteke, men meiner det framleis er forbetringspotensial. Foto: Cilje Moe, NKK / NPK
Advokat Hilde Engeland i NKK er glad for at ei ny hundelov er vedteke, men meiner det framleis er forbetringspotensial.

Endringar i hundelova frå nyttår

Frå 1. januar trer den reviderte hundelova i kraft. Hovudformålet er å forsterke førebyggjande tiltak mot hundehaldaren.

Publisert Sist oppdatert
NPK: – Vi er glade for at ein ny hundelov har blitt vedteke, likevel er det eit forbetringspotensial, seier Hilde Engeland, advokat i Norsk Kennel Klub (NKK), i ei pressemelding.

Intensjonen er at hundane er gitt betre vern, og i lovteksten er det rydda opp i sentrale omgrep.

I den nye lova blir hundeeigaren stilt til ansvar i større grad enn tidlegare. Dette inneber mellom anna innføring av kompetansekrav for hundeeigarar, politiet har fått fleire moglegheiter til å påleggje hundehaldaren straff. Det er òg innført objektive vurderingskriterium ved hundebittskade.

Ved ei uønskt hending skal hunden undersøkjast av veterinær som skal vurdere om helsemessige forhold ved hunden har medverka til hendinga. Det er heller ikkje lenger mogleg å avlive alle hundane i eit hushald dersom berre ein av hundane har vore involvert i ei hending.

NKK peiker likevel på at loven ikkje tar for seg mellom anna lokale bandtvangsreglar og raseforbod av somme hunderasar. Dei meiner òg at kompetansekravet til hundeeigarar treng ei forskrift som kan konkretisere kravet.

Heile lova finst på www.lovdata.no. Ny versjon blir publisert 1. januar

(©NPK)

Powered by Labrador CMS