nyhende
Endeleg vert det barnelaup i Salamanderparken: — Vonar at dette vert ein suksess i år òg!
Det er tre år sidan sist dei kunne springa saman. Komande laurdag kan Sveio Idrettslag endeleg gjennomføra det tradisjonsrike salamanderlaupet for born mellom 8 og 13 år.
Fest startnummeret og finn fram springegleda – laurdag er det tid for Sveio sitt heilt eige laup for born, nemleg Salamanderlaupet.
Påmeldinga startar 11.15 ved sambrukshuset i Sveio sentrum, og fyrste springerunde har pangstart klokka 12.00.
Alle born frå barnehagealder og opp til 7.-klasse er hjarteleg velkomne til å vera med, og distansane er tilpassa dei ulike aldersgruppene. Den lengste løypa er på om lag 800 meter.
— Me i Sveio I.L. gleder oss over at me kan invitera til Salamanderlaupet att. Deltakarane betaler nokre tirarar i påmeldingsavgift. Etter å ha passert målstreken får alle medalje, frukt og smoothie, seier leiaren i Sveio I.L., Lillian Rommetveit.
Ho vonar mange tek turen, både store og små.
Spent på oppmøtet
Sist gong Salamanderlaupet vart arrangert, var i 2019. Fleire gonger har det vore kring 80 deltakarar i laupet, og idrettslaget er spent på om det vert like godt oppmøte i år.
— Me reknar med mellom 30 og 100 deltakarar. Det kan ta tid å byggja opp att etter to år opphald, seier Ingunn Skåden, styremedlem i Sveio I.L. Friidrett.
Salamanderlaupet vart arrangert for fyrste gong i 2013, inspirert av barnelaupet «Sildastimen» i Haugesund.
— Skåden og fleire i gruppa har vore med som arrangørar sidan oppstart for ni år sidan, og med både røynde og nye krefter vonar me at dette vert ein suksess i år òg, seier Rommetveit.
I laupet av aktivitetsdagen vert det mogleg å kjøpa kaffi, lappar og andre godsaker i kiosken.