nyhende

Gunn Snefrid Sakseid Økland (midten), Isabella Dirdal (t.h.) og ein medelev er tre av elevane som inviterer til kabaret i regi av avgangsklassane på Sveio skule neste veke.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Gunn Snefrid Sakseid Økland (midten), Isabella Dirdal (t.h.) og ein medelev er tre av elevane som inviterer til kabaret i regi av avgangsklassane på Sveio skule neste veke.

Endeleg skule-kabaret igjen

Ungdomsskule-elevar får endeleg oppleve skulekvardagen slik den er meint å vere. Og neste veke blir medelevar, føresette og vener til avgangselevane ved Sveio skule invitert på kabaret.

Publisert Sist oppdatert

Det meste av ungdomsskuletida til årets avgangselevar ved Sveio skule har vore prega av smittevern og andre koronarestriksjonar.

Berre litt over halvvegs ut i det første ungdomsskule-året sette koronapandemien ein stoppar for alt det kjekke og sosiale livet i skulen skal bere med seg.

— Koronatida har vore drit kjedeleg. Og slitsam. Me har for det meste fått digital undervisning heime, og i lange periodar kunne me ikkje berre gå ut og besøke nokon heller, me kunne nesten berre ringjast, seier Isabella Dirdal.

— Uvant

Men etter at regjeringa sist laurdag fjerna nesten alle korona-restriksjonane, kan elevane endeleg ha undervisning på vanleg måte.

— Det er veldig kjekt. Og uvant. I friminuttet treff vi jo folk som vi knapt anar kven er frå før, ler dei.

Dei legg til at det framleis ikkje er heilt normalt, då mange medelevar framleis blir koronasjuke og må vere heime.

Lagar kabaret

Men eit av høgdepunkta kjem allereie neste veke, når avgangsklassene for første gong på to år kan setje opp kabaret, noko som er tradisjon på Sveio skule.

Årets framsyning heiter «Det er ikkje berre berre med barnebursdag». Namnet gir klare hint om tematikken i stykket.

— Det handlar om eit bortskjemt bursdagsbarn, og mange gale ting som skjer i ein barnebursdag, fortel dei.

Heilt koronafritt blir det forresten heller ikkje, for kabareten vil også innehalde eit skråblikk på korleis kvardagen med pandemien har vore.

Fem framsyningar

Fem gonger på to dagar, onsdag 23. og torsdag 24. februar, skal auditoriet på Vigdartun fyllast opp med publikum. På dagtid er det framsyningar for elevar på mellomtrinnet, på kveldstid for føresette og vener.

Elevane har jobbe med kabareten sidan før jul.

— Me har planlagt og skrive manus i musikktimane, seier Gunn Snefrid Sakseid Økland.

Dei fysiske førebuingane har gått føre seg i berre litt over ei veke.

I praksis har alle dei kring 70 avgangselevane jobba med stykket. Om lag 30 er skodespelarar, andre har jobba med til dømes design, lyd, lys og film.

Powered by Labrador CMS