nyhende
Elisabeth (67) finn gleda utanfor husdøra: — Kjenner nesten at eg er fødd ute på plenen
Elisabeth Hauge Bakke har lagt ned mange år med trufast innsats i Sveio turlag, der ho har vore aktiv sidan 1994.
Den opphavlege byjenta Elisabeth Hauge Bakke frå Haugesund slo seg ned på Bråtveit i 1973 med ektemann og ei lita dotter. Eitt år seinare kjøpte dei småbruket Bakkane i Auklandshamn, der Elisabeth framleis residerer i fri og open natur.
36 år som yrkessjåfør
Den tidlegare yrkeskarrieren hennar har vore samansett og variert, men stort sett jobba ho i Nav og som bussjåfør frå tidleg på 70- og 80-talet. Sistnemnde jobb er den ho saknar mest.
— Dei rundt 36 åra som bussjåfør for Haugaland billag AS, det som no er Tide AS, var aller gjevast. Eg gav skyss til kjekke elevar og dei som tok «arbeidsruta» tidleg morgon og sein ettermiddag. Stundom måtte eg vekkja dei, eg visste jo kor alle budde. Eg avslutta arbeidslivet etter 12–13 år som sjåfør på Kystbussen, fortel Elisabeth, som ofte saknar denne jobben.
Fødd på plenen
Trass i at ho er fødd på St. Franciskus Hospital og oppvaksen i Haugesund, er det naturen og «livet på landet» som ligg hjarta hennar nærast. Og det aller siste ein kan kalla henne, er «sofagris».
— Eg må jo vera fødd på plenen utanfor St. Franciskus Hospital, for eg vil berre vera ute, seier ho.
Det er ikkje manko på fysisk arbeid i kvardagen til Elisabeth. Utanfor det vesle, kvite huset sitt balar ho på med litt av kvart; både restaurering, måling og anna vedlikehald av hus, løe og området kring, i tillegg til vedhogst, der motorsag og traktor er heilt naudsynte.
— Eg er nok ein praktikar, seier den nevenyttige kvinna.
Elles er Elisabeth glad i å lesa og skriva. Når innevêret melder seg om vinteren, tek ho gjerne fram symaskinen og bomullsstoff for å sy og «quilta» julegåver og anna. For den som ikkje veit kva quilting er, dreiar det seg om ein slags lappeteknikk.
Tur som medisin
Elisabeth er naturlegvis særs glad i å gå tur. Ho er trass alt styremedlem og skrivar i Sveio turlag, noko som vil seia at ho tek seg av alt referat- og skrivearbeidet.
— I nærområdet er det mange flotte turområde, noko eg er særs takksam for. Det er turgåing som held meg frisk og oppegåande. Elles brenn eg for Sveio turlag og synest det er kjempekjekt å vera med der. Drivkrafta bak engasjementet mitt er å vita at dei som er med på turane me arrangerer, gleder seg til kvar tursesong, seier Elisabeth og understrekar at kvar einskild som er med turlaget på ekskursjonar, gjer ein verdfull innsats i vedlikehaldet av eit turmiljø i Sveio.
Å koma seg ut på tur er den beste medisinen for å førebyggja fysiske og psykiske plager, meiner Elisabeth, som sjølv har opplevd mange sorgfulle tap på familiefronten dei siste åra.
— Det har nok halde meg på beina å bu på eit småbruk med vakker natur og sjø på alle kantar, seier ho.
I turlaget har ho dessutan fått seg nære vener som har støtta henne i dei vanskelege periodane, og ho oppmodar òg andre om å koma seg ut på tur i frisk luft; anten det er åleine, saman med vener eller gjennom eit turlag.