nyhende
Elevar kjem seg til og frå skulen, trass streik
Busstreika er inne i sin femte dag, og i tre dagar har skuleelevar som pleier å følgje bussen tatt seg fram på alternative måtar. Det ser ut til å gå godt, så langt.
– Så og seia alle «busselevane» kjem seg til og frå skulen. Totalt i kommunen er det berre ei handfull elevar som er vorte som følgje av busstreika, om lag 0,5 prosent, seier Solfrid Lier Habbestad, kommunalsjef skule, barnehage og kultur til Vestavind.
Ho seier også at trafikksituasjonen fungerer fint om morgonen på alle fem skular, då dei kjem til skulane over eit lengre tidsrom.
Krevjande enkelte dagar
– Stort sett fungerer trafikksituasjonen greitt også på ettermiddagstid. Sveio skule registrerer noko større press på trafikksituasjonen ved skuleslutt når mange skal hentast på same tid, men med ekstra vaksne ute for å sjå til at avviklinga går greitt, har det vore kontroll på situasjonen, opplyser Habbestad.
Vikse skule har generelt meir krevjande trafikktilhøve med for liten plass ved rundkøyringa langs Gullvegen, men også her er det vaksne som ser til trafikkavviklinga, men det blir ekstra merkbart på ettermiddagen, når elevar frå alle trinna blir henta på same tid.