nyhende
Elevar i vidaregåande skule gjekk glipp av 40 millionar kroner
Alle elevar i vidaregåande skule kan få utstyrsstipend frå Lånekassen, men dei må søka om det. Førre skuleår gjekk 22 600 elevar glipp av til saman 40 millionar kroner i utstyrsstipend, fordi dei ikkje søkte om det eller fordi dei ikkje signerte for stipendet dei hadde søkt om.
– Me veit ikkje kvifor mange ikkje søker om utstyrsstipend, som alle med ungdomsrett på vidaregåande har rett på. Eg oppfordrar alle til å søke, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen. Elevar søker om stipend via Dine sider på lanekassen.no.
Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke det elevane treng av utstyr på linja de tar. Det er fire ulike satsar, avhengig av utdanningsprogram. I år er lågaste sats 1 096 kroner, medan høgaste sats er 4 513 kroner.
Elevar som skal bu borte for å gå på skule, eller som har foreldre med låg inntekt, kan også ha rett på andre typar stipend. Fristen for å søke stipend og lån frå Lånekassen er 15. november for hausten og 15. mars for våren.