nyhende

Amali Synnøve Kaluarachcige Gramshaug hadde jobbdagar på Sveio blomster. FOTO: VERONICA FUREVIK
Amali Synnøve Kaluarachcige Gramshaug hadde jobbdagar på Sveio blomster.

Elevar fekk prøve seg i arbeidslivet

Elevar frå 10. trinn på Sveio skule hadde nyleg jobbdagar hos verksemder på Haugalandet.

Publisert Sist oppdatert

Journalisten

Denne saka er laga av Veronica Furevik, som hadde jobbdagane sine i Vestavind.

Veronica Furevik
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Det er jobbdagar på alle trinn ved Sveio skule. På tiande trinn har dei tre jobbdagar i haust. På niande trinn har dei tre jobbdagar om våren og åttande trinn ein har ein jobbdag i mai.

Lærar Sverre Halleraker ved Sveio skule meiner det er viktig at elevane får oppleve det å gå på jobb.

— Dei kan øve seg på å skaffe seg jobb i den verkelege verd. Ein ser at mange som får smake på det med å jobbe, får lyst på ein jobb ved sida av skulen.

Sverre Halleraker er lærar på Sveio skule.

Halleraker synes at bedriftene er flinke til å ta imot elevar.

— Og me ser at jo tidlegare ute elevane er, jo enklere er det, seier han.

— Er det berre Sveio-bedrifter som tar imot elever?

— Nei, eg seier til elevane mine at dei må følgje draumane sine og gå dot ein føler det er rett. Men det er mange som jobbar i Sveio.

Fekk røynsle med jobblivet

Vestavind har snakka med fleire av elevane på tiande trinn som har vore ute på jobbdagar nyleg. Caroline Larsen Haldin var på Haugli Bakeri på Sveio senter. Der laga ho påsmurt mat, vaska, tok i mot kundar og laga kaffi.

Caroline Larsen Haldin.

Ho synes jobbdagar er bra, fordi det gir ei erfaring som ein kjem til å trenge vidare i livet.

— Også er det viktig å få eit avbrekk i skolegangen, og sjå korleis det vil bli når me eventuelt kommer til å få oss ein jobb. Og så får me ulike erfaringar, og kan finne ut om jobben med er på er noko for eleven, eller om det ikkje er det i det heile tatt. Og ein får vist kva ein er god på, og testa deg sjølv på ulike vis, seier ho.

Fleire på butikk

Anja Kristine Leirvik hadde jobbdagar på Kid-butikken på Raglamyrsenteret. Ho har opna varar butikken fekk inn på lager, la dei på plass og merka dei med prislapp. Ho synes jobbdagar er fint.

Anja Kristine Leirvik

— Ein får utforska kva ein likar, og korleis det er å jobbe i dei ulike yrkene, seier ho.

Gaute Valen-Spångberg var på Biltema i Haugesund. Der sette han ut varer og hjalp kundane med det dei trengte. Han synes det er kjekt å få vite meir om korleis det er å ha ein jobb, å ha kollegerer.

Gaute Valen-Spangberg hadde jobbdagar på Biltema i Haugesund.

— Og gjere noko anna enn skulen, seier han.

Håvard Moe Skattkjær og Sigurd Johan Hellesnes hadde begge jobbdagar på Coop Extra i Sveio senter. Dei sette ut varar frå pallar.

Håvard Moe Skattkjær.

— Det er kjekt å få erfaring med jobb. Med har det gøy og kosar oss, seier Håvard.

Sigurd Johan Hellesnes.

Arbeidsdagen deira varar like lenge som skulen, frå klokka 8.30 til 14.10.

— Det er viktig å i alle fall sjekke ut korleis det er å jobba å prøve det ut, seier Sigurd.

Blomar

Amali Synnøve Kaluarachcige Gramshaug hadde jobbdagar på Sveio blomster. Då hjelpte ho til med å ordne blomar til gravferder og ulike arrangement.

— Me setter plantar på plass, og lagar fine bukettar, fortel ho.

Ho synes det er viktig at me får ha ein sånn utplassering.

— Sånn at me veit meir kva med ønskjer – og ikkje ønskjer- når me skal vidare i livet seier ho.

Ho synes det er fint at elevane får testa seg i arbeidslivet.

— Me får sjå korleis livet er utanfor skulen og korleis ein jobb er. Ja, korleis ting skal funke, seier ho.

Fabiano-Natanael Rusu hadde jobbdagar på faren sin arbeidsplass, som heiter D.A.R. Bygg AS, og har vore med på jobbar i forskjellige hus i Haugesund.

— Eg synes det er viktig å prøve forskjellige plassar kvar år, for å lære noko nytt kvar gong, seier han.

Fabiano-Natanael Rusu.
Powered by Labrador CMS