nyhende

Elev på Vikse skule har testa positivt for covid-19

Beskjeden om at eleven var smitta kom i ettermiddag. Rundt 20 medelevar og tre lærarar må i karantene. Alle føresette ved skulane i kommunen har fått informasjon om situasjonen.

Publisert Sist oppdatert

Alle føresette på Vikse skule har fått informasjon og beskjed om kva dei må gjera. Aktuelle medelevar har blitt kontakta om at dei må i karantene. Dette gjeld ca. 20 elevar. Tre av lærarane ved skulen må også i karantene.

– Kommunen har også sendt melding til alle føresette ved dei andre skulane i kommunen, opplyser ordførar Linn Therse Erve (Ap) tidleg onsdag kveld.

På grunn av helligdag torsdag og planleggingsdag fredag, er det ingen elevar på skulane før måndag.

Normal drift måndag

– Kommunen ønskjer ikkje at nokon skal oppsøka Vikse skule fredag, men planlegg for normal drift av skulen frå måndag av. Skulen blir no reingjort i samsvar med retningslinjer, seier ordføraren.

– Kor godt førebudd var kommunen dette scenariet?

– Me har vore godt førebudd, og har handtert dette tilfellet raskt. Kort tid etter at kommunen fekk informasjon om påvist smitte, blei det gjennomført møte med krisestaben og sett i verk tiltak, seier Erve.

Har fått eige telefonnummer

Generelt minner kommunen om at alle med symptom på infeksjon i luftvegane må ta kontakt med testsenteret i Aksdal på telefon 52 75 74 00 og avtala tid for testing.

– Testsenteret har stengt for publikum i morgon, men det er oppretta eit særskild nummer for personar knytt til Vikse skule, seier ordføraren onsdag kveld.

Har du symptom, skal du halda seg i karantene til du har blitt testa og har fått testresultatet. Ein kan ikkje møta opp på testsenteret utan time. Det må ein ringa og avtale på førehand.

Hugs dei generelle smittevernråda! Hald avstand og vask hendene ofte, minner ordføraren om.

Powered by Labrador CMS