nyhende
Eldrebølgja kan gi Noreg dobbel smell
Arbeidsinnvandringa til Noreg kjem til å minke fram mot 2035, ifølgje Nav. Samtidig vil eldrebølgja skape stort behov for kvalifisert arbeidskraft.
Noreg kjem til å ha store utfordringar med å dekkje behovet for kvalifisert arbeidskraft i åra som kjem, viser Navs analyse av forventa utviklingstrekk fram mot 2035. No maner etaten til å hindre at folk blir støytte ut av arbeidslivet og å sleppe fleire inn.
— Det går mellom anna tydeleg fram at Noreg treng mange fleire hender i arbeid. Eldrebølgja blir berre større framover, og arbeidsinnvandringa frå EØS-land minkar. Behovet for helsepersonell og folk med fagbrev er allereie stort, og det kjem til å bli større, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.
Rett nok har krigen i Ukraina avslørt sårbarheiter i verdsøkonomien og sett behovet for å vere sjølvforsynt med straum og andre importvarer høgare på dagsordenen i EU. Det kan føre til fleire industriarbeidsplassar, men utviklinga i innvandringa er meir usikker enn før, mellom anna på grunn av risiko for vedvarande høg tilstrøyming av flyktningar som følgje av klimaendringar, krig og konflikt.
— Vi trur i tillegg at auka arbeidsinnvandring frå land utanfor Europa kan bli aktuelt som følgje av mangelen på arbeidskraft, og fordi aldring og høg økonomisk vekst i austeuropeiske EU-land gjer det vanskelegare å tiltrekkje arbeidsinnvandrarar frå desse landa, seier Holte.
Det grøne skiftet og teknologisk utvikling vil føre til at arbeidsplassar fell bort og at nye blir oppretta. Derfor er det viktig at folk innstiller seg på å fullføre fagutdanning og å innstille seg på å ta etter- og vidareutdanning. Etaten, utdanningssektoren og arbeidsgivarar må samarbeide tettare, poengterer Nav.
Noreg står overfor store utfordringar med å skaffe kvalifisert arbeidskraft i åra fram, mot 2035, åtvarar Nav-direktør Hans Christian Holte. ARKIVFOTO: VIDAR RUUD / NTB / NPK