Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Elbil-eigarar slurvar med vedlikehald, mistenkjer Vegvesenet
Elbilar har fleire feil i EU-kontrollen enn fossilbilar. Også mange relativt nye bilar får påpakningar for manglar.
– Mange av feila kan komme av at elbilane er tyngre og ofte har sterkare motor, noko som kan gi meir generell slitasje. Men feil som at parklys ikkje fungerer eller at bremsevæska har for lågt kokepunkt peikar på vedlikehaldet, seier Leif Magne Halvorsen i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Droppar service?
Det har lenge vore kjent at elbilar oftare har feil på bremsene på grunn regenereringa som fører til mindre bruk av dei ordinære bremsene til bilen. Men kontrollane avdekte også mykje feil med aksler, dekk og hjuloppheng. 30 prosent av ti år gamle elbilar vart ikkje godkjende i kontrollen på grunn av slike feil. For fossilbilar var andelen 16 prosent.
Same tendens gjeld lykter, refleksar og anna elektrisk utstyr. Her vart 22 prosent av dei ti år gamle elbilane stoppa, mot 14 prosent av like gamle fossilbilar.
– Sidan elbilar mellom anna ikkje må inn til jamleg oljeskift kan det vere at ein del eigarar av eldre elbilar lèt seg freiste til å droppe service og ordinært vedlikehald. Då vil ein del feil ikkje bli oppdaga før bilen kjem på den lovpålagde EU-kontrollen, seier Halvorsen.
– EU-kontroll må ikkje erstatte vedlikehald
Statens vegvesen vil gjerne minne folk på at EU-kontrollen er ein augneblinkssjekk om bilen tilfredsstiller krav til trafikktryggleik og miljø. Den tek ikkje høgd for framtidig bruk og må derfor ikkje forvekslast med eller erstatte service og vedlikehald.
– Når ein køyrer med feil på hjuloppheng og styring, vil ein samtidig auke slitasjen på andre komponentar som dekk. Derfor er det viktig, og lønnsamt, å reparere slike feil så fort som mogleg, seier Halvorsen.
33.000 fekk forbod på staden
Dei fleste personbilar og varebilar må kontrollerast annakvart år, første gong når bilen er fire år gammal. Viss kontrollen avdekkjer feil, får ein som regel høve til å få det reparert og komme tilbake for godkjenning. Nokre feil er likevel å så alvorlege at bilen får bruksforbod på staden. I fjor skjedde det med 33.000 lette køyretøy, opplyser Vegvesenet.
Finnmarkingane er flinkast til å halde køyretøy i stand, om ein legg EU-kontrollen til grunn. I fjor vart 39 prosent av køyretøy ikkje godkjende i kontrollen i Finnmark, medan i Agder og Buskerud gjaldt det 50 prosent.