nyhende
Ekstrem smelting: Svalbard mista meir is enn Grønland i fjor
61,7 milliardar tonn is forsvann frå Svalbard i fjor, ifølgje forskarar. Dermed mista den norske øygruppa meir is enn den største øya i verda Grønland.
Grønland mista til samanlikning 55 milliardar tonn is i same periode, sjølv om Grønlandsisen er 50 gonger større enn breane på Svalbard, skriv Aftenposten.
Smelting i eit slikt tempo er noko ein berre vil sjå éin gong i løpet av fleire hundre, kanskje tusen år, seier isbreforskar Thomas V. Schuler til avisa.
Meir enn 2 meter is borte
– Så det er veldig, veldig uvanleg, seier Schuler, som er professor i geofag ved Universitetet i Oslo og har leidd arbeidet med ein studie av bresmeltinga i fjor.
Schuler har eigne måleinstrument på Svalbard som er utplasserte på Kongsvegen-breen. Forskaren fortel at desse no plutseleg var tre meter over breoverflata.
– No var meir enn to meter is borte, seier han.
Også Forskning.no omtaler bresmeltinga. Til dei forklarer Schuler at varm luft som kom frå sør i Europa, og låg over Svalbard i seks veker, er ein del av forklaringa. Det aller meste av smeltinga gjekk føre seg i denne perioden.
– Heilt ekstremt
Sjefsforskar Eirik Malnes for jordobservasjon ved NORCE, som ikkje har vore med på studien, omtaler forskinga som god og truverdig.
Han kallar istapet i fjor ekstremt.
– Det er heilt ekstremt at vesle Svalbard har vel så mykje smelting som heile Grønland til saman.
Svalbard er eit av områda i verda der oppvarminga som følgje av klimaendringane går raskast. Dei store isbreane på øygruppa har derfor krympa mykje dei siste tiåra.