nyhende
Ekstraordinært møte i kommunen
Formannskapet held eit ekstraordinært møte den 27. juni. Årsaka er sluttbehandling av innspel til ny kommuneplan. Lars Einar Hollund (H) ber sveibuar gripa mogelegheita: – No er det siste sjanse, seier han.
Tysdag neste veke sluttbehandlast alle innspel til ny kommuneplan. Formannskapet meiner det er siste mogelegheit for dei som har fått forslaga sine «sila ut» tidlegare.
– Ta kontakt om det er viktig informasjon om innspela deira som bør tas med i ei ny vurdering, seier Lars Einar Hollund (H).
Sveio dei neste ti åra
Kommuneplanen er ein plan kor innbyggarar kan kome med forslag til kva ulike areal kan nyttast som. Til dømes er næring og kor det kan opnast for, eller ikkje, eit vanleg tema.
Som ein av dei sju medlemmane i formannskapet er Hollund oppteken av kommuneplanen og kor mykje den faktisk påverkar framtida til innbyggarane.
– Vårt overordna mål er å kjempa for at flest mogelege av innspela som sveibuen har sende inn til kommunen om korleis Sveio skal utvikla seg dei neste ti åra, vert teken med vidare, seier han.
Siste sjanse
Saman med Monica Vandaskog Valen (Sp), Rune Teikari (Frp) og Jarle Jacobsen (KrF) håpar han at sveibuar med utsila forslag gjer lyd frå seg før møtet.
Hollund understrekar at etterpå er det for seint, og om lag ti år til neste gong.
– Me ber alle som vil snakka om deira forslag å ta kontakt, enten på telefon eller e-post, seier han.