nyhende
Ekstra beredskap med skogbrannhelikopter held fram
649 skogbrannar hittil i år – Det er hittil i år registrert 649 skogbrannar i Noreg. 400 av desse fann stad i april. DSB held derfor fram med tre skogbrannhelikopter i beredskap.
NPK-NTB: Den siste tida har vi sett større og meir krevjande brannar, nokon av desse òg tettare på busetnad. Det er urovekkjande, seier avdelingsdirektør Johan Marius Ly i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Direktoratet opplyser at skogbrannhelikopteret var i innsats ved ni av dei totalt 400 april-brannane.
Skogbrannfareindeksen viser at det er fleire område med lokalt stor skogbrannfare. Nokre stader aukar faren ytterlegare i dagane framover. DSB opplyser at beredskapen blir vidareført med i alt tre helikopter i beredskap – eitt på Kjeller og eitt på Sauda, i tillegg til det faste som står på Torp. Førebels gjeld dette oppsettet til og med torsdag, når det blir gjort ei ny vurdering.
(©NPK)