Det er oppdaga lekkasjar på gassrøyrleidningane Nord Stream 1 og 2 utanfor den danske øya Bornholm.FOTO: NPK
Eksplosjonar i samband med gasslekkasjen registrert også i Noreg
Svenske og danske seismologar har registrert kraftige eksplosjonar ved gasslekkasjane på Nord Stream 1 og 2. Også i Noreg er eksplosjonane registrerte.
NPK-NTB: – Vi har sett to ristingar, begge på Hamar der det er ein stor seismisk målestasjon, seier viseadministrerande direktør Arve E. Mjelva I NORSAR til TV 2. Hamar er 700 kilometer unna der eksplosjonane fann stad.
Den første eksplosjonen vart registrert allereie klokka 2.03 natt til måndag, medan den andre kom 19.04 måndag kveld, ifølgje svenske og danske seismologar.
Mjelva seier at det vart registrert skjelv også i Noreg klokka 2.03, men den var liten. Den neste var derimot kraftigare.
– Den rundt klokka 19 var på 2,2, seier Mjelva.
Han seier det ikkje er lett å konkludere noko om storleiken på eksplosjonen.
– Det er vanskeleg å seie noko om det, fordi det er på sjøbotnen. Kva styrke det kan ha, har vi ikkje noko mål på. Det er lite å samanlikne med, forklarer han.