nyhende

Livbøyer under markering av FNs internasjonale dag for drukningsførebygging. Sidan 1952 har Tryg sett livbøyer over heile Noreg for å førebyggje drukningsdød. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Livbøyer under markering av FNs internasjonale dag for drukningsførebygging. Sidan 1952 har Tryg sett livbøyer over heile Noreg for å førebyggje drukningsdød.

Eksplosjon av drukningar i juli

Etter eit positivt første halvår, har det vore ei trist utvikling med fleire drukningsulykker med dødeleg utfall, seier leiar Mia Bergmann i Flyte.

Publisert Sist oppdatert

Bergmann uttaler seg til NTB på Verdens dag for førebygging av drukning.

– Første halvår var positivt, med langt færre dødsfall enn i same periode i fjor. Men så ser vi no ein eksplosjon i juli, saman med det flotte vêret, seier Bergmann, som ikkje har eksakt tal på omkomne enno.

Ho seier likevel at snittet ofte ligg rundt 35 fatale drukningsulykker dei tre sommarmånadene.

I fjor døydde totalt 95 personar av drukning. Fredag vart dei heidra med minnestund og utsetjing av 95 livbøyer på eit arrangement på Sørenga i Oslo.

Urovekkjande utvikling

– Tala for 2024 var høge. Utviklinga er urovekkjande, det har vore mange ulykker allereie i år – og det betyr at vi må gjere endå meir, sa kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) i talen sin.

Dagen skal auke forståinga for drukningsfare og førebygging globalt og nasjonalt. Tryg Forsikring, Redningsselskapet (RS) og Flyte var blant dei som var til stades.

I tillegg til minnestunda vart årets diplom delt ut, ei utmerking som blir gitt til personar som har redda eller gjort forsøk på å redde nokon frå drukning. Årets mottakar er Marius Mikkelsen, som redda eit barn frå å drukne på Nøklevann i Oslo.

Treng skikkeleg register

I dagens drukningsstatistikk, som Redningsselskapet (RS) leverer månadleg, blir berre ulykker talde med fatalt utfall.

– Det er flest ulykker i samband med bading og fritidsbåt, og eldre og menn er overrepresenterte, seier fagsjef for drukningsførebygging i RS, Tanja Krangnes, til NTB.

Noreg manglar eit nasjonalt register over drukningsulykker der folk overlever, med eller utan skadar.

– Det er dei ulykkene vi har minst informasjon om, og som vi trur vi kan lære mest av. Vi veit til dømes ikkje kor mange som overlever drukning og ikkje nok om dei som blir varig skadde. Slikt er viktig for å forstå kvifor drukning skjer. Det er også viktig å finne ut kvifor nokon overlever og andre ikkje, seier Krangnes.

Stor underrapportering

Leiar Bergmann i Flyte seier dei er i gang med å utvikle eit nasjonalt ulykkesregister, både for fatale og ikkje-fatale drukningsulykker.

– Vi har det for trafikken, og vi treng det for drukningsulykker òg, seier Bergmann.

Ho påpeikar at det er mange drukningsulykker og stor underrapportering.

Etter eit positivt første halvår, har det vore ei trist utvikling med fleire drukningsulykker med dødeleg utfall. Oslo Brann- og redningsetat heldt fredag ei drukningsøving og viste korleis ein person skulle reddast opp av vatnet.

Feiloppfatningar

Ei fersk spørjeundersøking frå Tryg viser at nordmenn undervurderer kor fort det kan gå frå ein person hamnar heilt under vatn til vedkommande risikerer å drukne.

– Drukning skjer fort og kan ta mellom 20 og 60 sekund, seier Claire Alfonso i Norges livredningsselskap.

I undersøkinga svarer 44 prosent at dei trur det tek lenger tid enn eitt minutt. Mange trur dessutan drukning ser dramatisk ut, med veiving og rop om hjelp, men skjer faktisk ofte heilt stille og fort.

– Drukning er ein prosess og er respirasjonssvikt som følgje av at munn og nase kjem under vatn eller ei anna form for væske. Utfallet av drukning kan vere død, overleving med skade og overleving utan skade, seier Alfonso.

Undersøkinga er gjennomført av analyseinstituttet YouGov i perioden 2.–7. juli med 1.000 personar over 18 år.

Powered by Labrador CMS