nyhende
Eksperten: Lusa elskar nyvaska hår
Lus smittar først og fremst frå hovud til hovud. Det betyr likevel ikkje at det er garantert trygt å byte luer og hårbørstar. Eller at du ikkje er smitta, berre fordi du ikkje klør.
– Lus kan drive folk til vanvit. Svært mange av dei som kjem hit har vore gjennom både fire, seks og ti lusekurar – og dei har framleis lus, seier luseekspert Anja Dahl og set på seg forstørringsbrillene.
– Eg heldt på å bli ko-ko
I stolen framom ho nikkar ei tenåringsmor ivrig. Kvinna og dottera hennar fekk lus for fire månader sidan. Trass i at dei begge har teke fire lusekurar kjenner kvinna seg ikkje trygg på at dei har greidd å bli kvitt den vengelause blodsugaren denne gongen heller.
Fem timars køyring frå Sørlandet til luseklinikken i Asker er difor ein liten pris å betale for å få hovudet sjekka av ein proff, fortel ho, medan Dahl saumfer håret hennar.
– Etter å ha gjennomført ein av lusekurane, stod eg framfor spegelen og såg lusa kravle rundt i håret. Eg heldt på å bli heilt ko-ko, seier ho og grøsser berre ved tanken.
– Me har følgt alle prosedyrar og nytta lusekurar frå apoteket. Men når kurane ikkje har verka og me har gått attende, har me berre blitt tilrådd ein litt annan variant av same merke.
– Helse-Noreg sviktar
Anja Dahl ristar oppgitt på hovudet medan kvinna fortel. Dahl seier ho har høyrt tallause liknande historier.
– Eg meiner Helse-Noreg sviktar. Om du uforskyldt får hovudlus, burde både undersøkinga og lusekuren vore gratis. I dag står folk åleine og risikerer å bruke mange tusen kroner på kurar som ikkje verkar. Eg har hatt fleire fattige barnehageassistentar som kjem langvegs frå med lus dei ikkje blir kvitt.
– Alle som jobbar med barn burde jo hatt lusebehandling som ein del av forsikringa si. Styresmaktene burde også dele ut ein skikkeleg god lusekam til alle første skuledag. Det er ingen grunn til at lus skal vera eit så utbreitt problem som det er i dag.
Perler på ei snor
Ho har sett den øvste delen av håret til kvinna i ei klype og jobbar seg systematisk rundt hovudet hennar. Først sprayar ho eit hårfelt med ei blanding av vatn og balsam. Vatnet «paralyserer» lusa nokre få sekund og hindrar at ho forsvinn.
Balsamen gjer at kammen glir lettare gjennom håret. Han har fire mikrorillar på kvar tann, som skal gjere at han lettare fangar opp både levande lus og hardt festa egg.
– Lusa vil ha fri tilgang til blodet i hovudbotnen, så feitt hår, flokar, feit hovudbotn og flass er ho ikkje interessert i. Ho elskar reint hår som gjer det enkelt å legge egg som perle på ei snor, forklarar Dahl.
Trivst på toppen
Dahl startar alltid sjekken i nakken og dreg kammen gjennom håret heile vegen oppover. Når ho er ferdig med eitt felt, bankar og skyl ho kammen i ein kvit plastbolle med vatn. Om det er egg eller lus i håret, vil du kunne sjå det i vatnet, forklarar ho.
Nokre brukar forstørringsglas for å vera heilt sikre.
– Somme kontrollerer berre for lus bak øyra og i nakken. Men lus og egg trivst mest av alt i varmesona nær toppen av hovudet, på sidene og over tinningen, seier ho, medan ho på nytt granskar innhaldet i bollen.
Etter ti minutt har ho vore gjennom heile håret:
– Her er det masse tomme og inntørka skal, men ingen levande lus eller klekkeklare egg. Så langt kan det sjå ut som om den siste kuren du tok faktisk har verka.
Fordi kvinna tok lusekur for ti dagar sidan og Dahl berre fann tomme eggeskal, meiner Dahl det korkje er behov for ein annan type lusekur eller bruk av spesialapparatet som dehydrerer og drep lus og egg.
Kvinna forsvinn oppglødd ut på venterommet med den gode nyheita til dottera, som Dahl også har friskmeld. No skal dei feire med ein matbit før dei tek fatt på den lange heimturen.
Hovud til hovud
Dahl trur det er fleire forklaringar på at mange slit med å få bukt med luseproblemet. Ein av dei er at somme lus er blitt resistente mot dei vanlegaste lusemidla – ein annan at somme av kurane som blir selde både er for svake og blir tilrådd brukt i for lite volum.
Men ho meiner også at styresmaktene villeiar:
– For nokre år sidan gjekk FHI bort frå at hovudlus kan smitte via luer og andre gjenstandar og sa tydeleg at ho berre smittar frå hovud til hovud. Det er jo direkte feilinformasjon! Lus kan overleve opptil 24 timar i luft borte frå eit hovud, og eg har sjølv sett luer der det sitt att lus.
Finst det forsking som dokumenterer smitte via hovudplagg?
– Eg er ingen forskar, men eg har drive denne klinikken på fulltid i åtte år. Og mitt klare råd er at ein må samle alt som har gått brått og brutalt gjennom håret og legge det i ein open pose og sette det utandørs. Det gjeldt både hovudplagg, handklede, hjelmar, høyretelefonar og hårstrikkar. Etter 24 timar er eventuelle lus døde og tinga trygge å bruke att.