nyhende
Ekrene-kryss ikkje med i ny bompengeplan: — Noko som skurrar forferdeleg
I forslaga til ny Haugalandspakke er ikkje nytt kryss på Ekrene med. Det reagerer kommunestyrerepresentant Lars Einar Hollund (H) på. — Får me ikkje betre utkøyring på Ekrene så stansar vidareutviklinga av denne delen av kommunen, seier han.
Ved utkøyrselen frå Ekrene næringspark til fylkesveg 47 møter Lars Einar Hollund (H) Vestavind.
På siste formannskapsmøte vart forslaga for fylkesveg 47-prosjekta i ein mogeleg ny bompengepakke presentert av fylkeskommunane. Der var ikkje eit nytt Ekrene-kryss å sjå nokon stad.
— Eg skjønner ikkje kva dei tenker på, seier Hollund.
Årsaka er at det ikkje vert nytt kryss eller rundkøyring på Ekrene, som ein del av bompengeprosjektet det nye bompengeprosjektet.
At det ikkje var nytt toplanskryss i den Haugalandspakken var klart allereie hausten 2020, men Hollund har trudd at ei rundkøyring skulle vere med i planane for ein ny bompengepakke.
Han er langt ifrå nøgd med Sveio sitt utbytte av den eksisterande Haugalandspakken, korkje den eksisterande eller plan for mogeleg ny bompengepakke.
— Vi må ha rundkøyring på Ekrene, det er alfa og omega, seier han.
Han meiner at mangel av rundkøyring vil bety at ein ikkje får lagt ut meir tomter i området, korkje til nye bustadar eller næringsbygg.
— Må bygge sjølv
Ifølgje Hollund er ei rundkøyring på Ekrene noko han hadde forventa, og difor noko ein let vere å jobbe med sjølv, då ein tuidde det skulle vere ein naturleg del av ein ny bompengepakke.
— Vi har heile tida blitt førespegla at dette skulle kome. Hadde vi visst dette hadde me byrja med arbeidet sjølv. No når eg kan sjå at det ikkje kjem, så må me ta og gjere det sjølv, seier han.
— Kva bør Sveio gjere om det ikkje vert rundkøyring i ein ny bompengepakke?
— Då må vi mellomfinansiere sjølv. Det bør ikkje koste all verda for å lage ein rundkøyring. Me må ta initiativ, seier Hollund
No varslar han at Sveio Høgre vil ta det opp til debatt på neste kommunestyremøte så dei kan gjere eit vedtak på ynskjet om rundkøyring.
Skeivfordeling av ressursar
Forutan manglande kryss er Hollund også kritisk til det han kallar for skeivfordeling av ressursar i den eksisterande Haugakandspakken
Til strekninga Fagerheim – Førland på fylkesveg 47 er det sat av 142 millionar kronar til utbetring av veg. Summen som er sat av til fylkesveg 47 som ligg i Sveio tel 16 millionar kronar og går til trafikksikring. Det betyr ein ny kulvert, eller undergang, på Rophus.
— Eg skjønner ikkje vitsen med å lage ein ny undergang rundt 270 meter ifrå den eksisterande, seier Hollund.
For Hollund var dette fyrste gongen han høyrer noko om ein kulvert. Han hevdar det tidlegare ikkje har vore gjort tydeleg at dei 16 millionane i trafikksikring skulle gå til noko slikt.
— Synast du Sveio får nok ut av Haugalandspakken?
— Nei, i forhold til det vi puttar inn er det ein veldig skeivfordeling. Sjå på bomstasjonen på Gard, det er ein av dei med høgast inntjening i Haugalandspakken. Vi har betalt i minst ti år på den, og me får ein kulvert, seier Hollund.
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) sitt i styringsgruppa til Haugalandspakken. Foran dei andre ordførarane i Haugalandspakken har ho understreka kor viktig fylkesveg 47 og krysset på Ekrene er for Sveio.
— Er du einig i kva ordføraren har sagt til styringsgruppa?
— Eg er einig i det som blir sagt, men det nytter ikkje å berre snakke. Ho gjentar jo berre det vi sa i formannskapsmøte. Me gav tydeleg beskjed om kva Sveio kommune måtte prioritere, seier han.
Skuffa ordførar
Ordføraren er ueinig i det Hollund hevdar og kjem med fleire svar.
— Eg har beviselig vært ei aktiv pådrivar og gjort mykje meir enn å snakke. Eg har teke initiativ til fleire møter med fylkeskommunane, fylkesordførarane og stortingsrepresentantar frå Rogaland, seier Erve.
Likevel kjenner ho at ho er skuffa over at fylkesveg 47 ikkje vert prioritert høgare. Før dei noverande prosjekta vart bestemte, samla ho nesten alle involverte kommunar til sitt forslag om å setje strekninga Ekrene-Vikse på lista.
Sveio fekk dobbelt så mange stemmer som neste føreslag ifrå Rogaland Fylkeskommune. Vert styringsgruppa usamde er det fylkeskommunene som formelt avgjer, og dei valde å sjå bort ifrå fleirtalet.
— Eg er skuffa over at dei ikkje følgde så brei einigheit, seier Erve.
Om påstanden om at ho gjentek det som vart sagt, visar ho til hennar rolle å gjenfortelje det formannskapet vert samde om.
— Min rolle er å vidareformidle kva Sveio kommune meiner til styringsgruppa, det er eg plikta til. Så difor gjentar eg det formannskapet har sagt at det ynskjer, seier Erve.
Ho understreker at utbedringa Fagerheim – Førland på fylkesveg 47 vil kome sveibuare til gode, og at den nye kulverten kom ut av ei kompromissløysing.
— Trafikksikring på Rophus var eit minimumskrav om ikkje Ekrene-Vikse vart vald, som også ikkje kosta for mykje. Den nye undergangen vil gje trygg skuleveg for skuleelevar, seier ho.
ENDRA VERSJON: Ved første publisering av denne artikkelen var det ikkje gjort klart at Hollund kritiserer planane for ein mogeleg ny bompengepakke for manglande kryss/rundkøyring, og ikkje berre den noverande Haugalandspakken.