nyhende

Autovernet blei knekt av i Vestland fylke, men låg måndag morgon i Rogaland fylke.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Autovernet blei knekt av i Vestland fylke, men låg måndag morgon i Rogaland fylke.

Eitt trafikkuhell i to fylke

Publisert Sist oppdatert

Klokka 03.23 natt til sundag mista ein sjåfør kontrollen over bilen sin sør i Sveio.

Fekk sleng på bilen

Køyretøyet fekk sleng og hamna i autovernet.

Hendinga skjedde i praksis midt på fylkesgrensa mellom Rogaland og Vestland, og nokre titals meter sør for krysset fylkesveg 47/Halseidvegen.

Cirka 10 meter av autovernet var vekke måndag.

Han skal ha mista kontroll over bilen i venstrekurven like sør for fylkesgrensa, fått sleng på bilen, passert fylkesgrensa, og smalt inn i autovernet på Vestland-sida.

Varsla sjølv

Sjåføren er ein mann i 30-åra.

— Han varsla sjølv frå til politiet om hendinga. Det er ikkje meldt om personskade, men autovernet fekk skadar, opplyser vaktsjef Trond Friberg ved Haugesund politistasjon.

Det skal ha vore glatt på staden. Politiet har ikkje oppretta sak.

Powered by Labrador CMS