nyhende

Odd-Bjørn Saltnes i Friluftsrådet Vest lovar drikkeflasker til alle som registerer 50 besøk på TellTur-mål i løpet av ein sesong, og tursekk til dei som når 100. FOTO: EINAR VESTVIK
Odd-Bjørn Saltnes i Friluftsrådet Vest lovar drikkeflasker til alle som registerer 50 besøk på TellTur-mål i løpet av ein sesong, og tursekk til dei som når 100.

— Eit verktøy til å utfordra seg sjølv

I år blir TellTur arrangert for tiande gong. Sveio har vore med frå starten. I år er elleve turmål i kommunen med i opplegget.

Publisert Sist oppdatert

— Me gler oss over tilbakemeldingar frå folk som fortel at dei har fått eit nytt liv gjennom dette konseptet, seier Odd-Bjørn Saltnes i Friluftsrådet Vest til Vestavind.

Han trur ikkje det skuldast håp om premiar eller gåvekort, men at folk har fått eit verktøy til å utfordra seg sjølv og koma i gang med turgåing. For mange har det medført både fysiske, psykiske og sosiale gevinstar.

Saltnes er koordinator for TellTur i 13 kommunar i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Innanfor desse kommunane er det i år 150 turmål. Han fortel om utviklinga frå ein beskjeden start med 325 brukarar i 2014 til 5.500 i toppåret 2021 under pandemien.

— Litt skuffande var det jo at talet gjekk ned igjen til ca. 4.000 i 2022. Dermed landa me på nivå med 2020. Så langt tyder utviklinga på at me også vil landa på rundt 4.000 i 2023. Samstundes er me glade for alle dei som nyttar tilbodet.

Topp under pandemien

TellTur-sesongen varer frå 1. april til 1.november. Så langt i år er det registrert 2.740 brukarar. Sidan 1. april hadde dei, fram til slutten av april, gått 22.300 turar. Av desse har 700 vore på tur i Sveio og gjennomført 2.000 turar her i kommunen. Registreringa  skjer nå elektronisk via appen norgeskart.no. Det gir mindre sjansar til juks enn det gamle systemet med avlesing og registrering av kodar.

Friluftsråda som står bak TellTur, lokkar med nokre premiar for å få folk ut å gå. Etter 50 registrerte turar vankar det ei drikkeflaske, og 100 turar er nok til å få ein tursekk. For turgåarar under 13 år er tilsvarande tal 25 og 50. Etter sesongslutt er dessutan alle registrerte deltakarar med i trekninga av eit gåvekort.

— Talet på registrerte under 13 år er likevel ikkje særleg høgt, seier Saltnes.

Han legg til at det er endå vanskelegare å få dei mellom 13 og 19 år med på TellTur-opplegget.

Nye mål kvart år

Det er folk i kvar enkelt kommune som vel ut dei ulike turmåla. 25 prosent av turmåla blir bytte ut kvart år. I Sveio er Mølstrevåg, Kvernavatnet, Gullstien og Børshovda nye mål i år.

Dei som er med frå tidlegare er Golfparken, Rex Garden, Ryvarden, Emberlandsnipen, Dreng, Trodlavassnipen og Nipaståvo.

Powered by Labrador CMS