nyhende
Verdig 25-årsmarkering av Sleipner-ulukka på Ryvarden:
– Eit tidsskilje for tryggleik og beredskap
– Sleipner-ulukka blei ei hending som fekk konsekvensar for korleis tryggleik blir handtert i norsk sjøfart, og korleis me som kommunar skal reagera når krisene treff oss, sa ordførar André Mundal Haukås under 25-årsmarkeringa på Ryvarden tysdag.
På dagen 25 år etter at snøggbåten «Sleipner» grunnstøytte og sokk ved Bloksene, var godt og vel 60 menneske samla til minnemarkering på Ryvarden. 16 av dei 85 som var om bord i «Sleipner» ulukkeskvelden, mista livet. Ein av dei omkomne var den 18 år gamle sonen til Tove Følid. Ho er leiar i støttegruppa for overlevande og etterlatne og heldt også tale på minnemarkeringa. Det same gjorde styreleiaren i Haugesund Røde Kors, Paul Eggen. Alle dei tre talarane var opptekne av tryggleikspørsmål og beredskap.
– Eit nasjonalt sjokk
– For heile landet blei Sleipner-forliset eit sjokk. For oss langs kysten, og særleg dei lokalsamfunna som blei råka, blei det eit arr som nok aldri heilt vil gro. Samstundes er det i slike augneblinkar me ser kor sterke me kan vera saman, sa Haukås mellom anna.
Han uttrykte medkjensle med alle etterlatne, og også med overlevande og bergingsmannskap som har levd med sterke opplevingar sidan ulukka skjedde. Sjølv var han seks år den gongen og fortalde korleis han opplevde nyhendemeldingane om forliset frå eit barn sin ståstad.
– Eg hugsar stilla i stova, alvoret som prega mamma og pappa, TV-dekninga og ikkje minst korleis vinden piska mot vindauga.
Haukås avslutta med å sitera frå Geirr Lystrup sitt dikt «Stadig Nær», til trøyst for dei som mista nokon av sine.
– Fryktar profittjag
Med minnesmerket over ulukka og ulukkesstaden i bakgrunnen, var Tove Følid den første som fekk ordet.
– Tryggleik må alltid vera i høgsetet hjå dei som driv transportverksemd, opna ho med å seia.
Følid er glad for nye krav til redningsvestar og andre tiltak som blei innførte etter Sleipner-forliset. Samstundes kjenner ho på uro.
– I eit samfunn som blir meir og meir prega av profittjag, er eg redd for at det kan bli inngått kompromiss som går på tryggleiken laus. Det kan handla om val av materialar, bemanning om bord og utbygging av redningstenesta. Det er for eksempel altfor få redningsskøyter langs kysten, seier Følid til Vestavind.
Støttar ny gransking
Ho seier også at ho støttar krav om ny gransking av sjølve konstruksjonen i «Sleipner». Følid legg til grunn at feilnavigering var årsak til grunnstøytinga, men stiller spørsmål om konsekvensane kunne blitt mindre om skroget hadde vore meir solid.
– Me veit at sveisane knakk etter grunnstøytinga. Og me har aldri fått fullt innsyn i kva tiltak som blei gjennomførte om bord i søsterskipet «Draupner» kort tid etter Sleipner-havariet, seier Følid.
350 frivillige
– Eg trur ikkje eg har møtt nokon som var vaksne den gongen, som ikkje hugsar kor dei var eller kva dei heldt på med då dei fekk høyra om Sleipner-forliset, sa Paul Eggen i sin tale for å understreka kor sterkt denne ulukka har prega folk på Haugalandet.
Eggen var aktiv i Røde Kors den gongen også, og fortalde at han var på plass ved Ryvarden mindre enn to timar etter at den første ulukkemeldinga kom. Etter kvart blei 350 frivillige involverte i tillegg til mannskapa på dei skipa som deltok i redningsarbeidet.
– Eg blei lagleiar for ei gruppe som skulle foreta strandsøk frå Ryvarden og nordover mot Lyngholmen. Veret var forferdeleg. Etter at den av oss som gjekk ytterst var skyldt på sjøen fire-fem gongen, var eg nøydd til å avbryta for kvelden, sa han mellom anna.
– Betre førebudd i dag
I motsetnad til i dag, var det ikkje mykje snakk om risikovurdering den gongen, fortalde Eggen. Teknologien har også blitt mykje betre med åra.
– Det er betre lys i ein iphone no enn det var i dei hovudlyktene med brukte i 1999, brukte han som eksempel.
Mannskapa er i dag også betre trente, og samspelet mellom naudetatane og dei frivillige hjelpeorganisasjonane er blitt mykje betre koordinert. Ikkje minst legg Eggen vekt på debriefing og ettersamtalar som no er blitt standard prosedyrer.
Elida Høgalmen deltok med musikalske innslag under minnemarkeringa. Ho framførte fleire kjende songar, og starta med Vamp-låten "Liten fuggel".
I kriseleiinga
Regnet piska innimellom og vinden var kald på Ryvarden tysdag, men ikkje på nokon måte som den stormfulle fredagskvelden for 25 år sidan. Mellom dei frammøtte som trassa vind og ver var det pårørande etter dei omkomne, overlevande og folk som hadde vore med som leitemannskap. Olav Haugen var der, og Odd Henry Dahle. Haugen var blitt ordførar i Sveio ein månads tid før ulukka- Dahle var rådmann den gongen. Saman leia dei kommunen sin innsats i den akutte fasen av redningsarbeidet.
Ordføraren i Haugesund, Nils Konrad Bua, deltok også under minnemarkeringa. Dei mange andre kom frå heile Haugalandet og Sunnhordland, men også frå Bergen og Stavanger.
Ønskjer avløysing
Så langt har støttegruppa hatt slike markeringar kvart femte år. Følid har stått i spissen mesteparten av tida, men på grunn av alder og sviktande helse håpar ho no at andre vil overta om tradisjonen skal vidareførast.
Sjølv har Følid besøkt Ryvarden og minnesmerket kvart år sidan ulukka og lagt ned blomar på vegne av støttegruppa.
– Eg opplever at dette er det einaste eg kan gjera for guten min, seier ho i samtale med Vestavind.