nyhende
Eit steg nærare butikk i Auklandshamn
Torsdag kveld var det ekstraordinært årsmøte for å orientera om stoda til butikken i Auklandshamn. – Me er eit steg nærare å få opna butikken igjen, seier Kristian Wathne.
Han er styreleiar i Forretningsbygg Stølen SA, andelslaget som eig butikken. Det ekstraordinære årsmøtet var initiert av andelslaget, men var ope for alle interesserte.
Stort engasjement
Responsen var stor, og rundt 100 møtte på Auklandshamn bedehus for å mellom anna høyra kva Christian Lykken, distriktssjef Joker og Nærbutikken, og Merkur-konsulent Lars Helgeland hadde å seia.
– Blir det ny butikk i Auklandshamn no?
– Det er veldig positivt med det store engasjement på møtet, og me er eit steg nærare å få opna butikken igjen. Det er allereie lagt ned mykje dugnad i butikken, og me jobbar no for å skaffa pengar til å rusta opp til moderne butikkstandard, seier Wathne.
Ny butikkdrivar
Størst spenning knytte det seg kanskje til presentasjon av ny potensiell butikkdrivar.
– Det er ein del som framleis skal på plass, og vedkommande ønsker ikkje at namnet skal bli kjent før ting er avklart, seier Wathne.
Styreleiar Wathne held ut over det korta tett til bystet, men lovar meir informasjon ganske snart.
Oppstart før påske?
På Facebook-sida Auklandshamn landhandel er det litt meir informasjon å henta:
«Det var tydelig at det var stemning for videre butikkdrift i Auklandshamn. Om kort tid vil det bli sendt ut info om hvordan en går frem for å tegne andeler. Både her, i postkasser og media.
Målet er oppstart av butikk før påske som kan holdes åpen både søndager og kan drives selvbetjent.»
Ned- og oppturar
Her er nokre av sakene Vestavind har skrive om butikken:
14. november 2022: Fullt hus på folkemøte om nærbutikken i Auklandshamn
9. desember 2022: Låser døra om tre veker – ingen vil ta over nærbutikken
23. desember 2022: Her blir butikkeigar Åse Marie (47) rørt til tårer av bygdefolket
4. mai 2023: Satsar på ny butikk i Auklandshamn
4. juli 2023: Tør ikkje seia når butikken kjem attende
27. desember 2023: Eitt år sidan butikken forsvann
15. mai 2024: Årsmøte om butikk i Auklandshamn: – Jobbar framleis med saka