Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Eit liv med kystkultur og gamle båtar
— Det må jo vera ein genfeil. Me jobbar med gamle trebåtar heile året. Og så brukar me heile ferien på seglturar med ein gammal trebåt, seier han.— Ja, det er kjekt med båt. Og det er innan tradisjonsbåt-miljøet me har storparten av omgangskretsen vår, seier ho.
Ekteparet Kamilla Apelseth Snemyr og Audun Snemyr Apelseth lever eit liv i båt og med båtar. Dei er begge utdanna båtbyggarar og har begge vore knytte til Hardanger Fartøyvernsenter. Blant mykje anna. Audun er dessutan navigatør og vore skipper på kjente skuter som «Johanne Karine», «Mathilde» og «Gå På».
Sjølv om han blei pensjonist i fjor, står jobbtilboda i kø. Også for denne sesongen blir han å finna i styrehuset på Eidesvik-reiarlaget sin «Gå På». Paret har vore sveibuar i elleve år. Dei stortrivst i huset sitt på Eikeland. I Gardvika like nedanfor ligg «flaggskipet» i flåten deira, skøyta «Vågen», og fleire mindre båtar. Frå stoveglaset har dei fri sikt til Liereid, der Sveio Kystlag si skøyte «Nyfalken» ligg til kai. Det er ei skute Audun blei kjent med som lærling på Sunnmøre.
Felles interesse
Ti høner spring fritt omkring i hagen til Kamilla og Audun. Og to kattar lever gode dagar saman med dei og kroar seg gjerne inntil menneska sine i sofakroken. Elles handlar det mest om båtar. Og om turar, opplevingar og menneske dei har møtt og blitt kjende med under ulike oppdrag og seglingar.
Det var båtlivet som førte dei saman for eit kvart hundreår sidan, og det er framleis det maritime miljøet som er det store felles interessefeltet deira.
— Me kunne ikkje halda på med dette utan at begge var like interesserte, seier dei
begge.
Og så kjem Kamilla med ei lita presisering:
— Men eg kan klara meg utan båt i ferien, altså. Det er også nødvendig av og til for å
halda kontakt med familien og den delen av omgangskretsen vår elles som ikkje er like båtinteresserte som oss to.
Båtpussen er obligatorisk kvart år. I år starta det med driving av nokre nater på dekket til «Vågen». Dekket blir elles behandla med ei blanding av tjøre, rå linolje og terpentin. Ei tredel av kvar, seier Kamilla, som er litt meir nøye på blandingsforholdet enn mannen. Lakk er det ikkje snakk om å bruka på dekket. Det blir altfor glatt. Men bommar, nedgangar og hytte får ein årleg omgang med ravilakk.
Mykje av vedlikehaldsarbeidet blir elles gjort medan dei er på tur.
— Me må jo ha noko å gjera på, kan ikkje sitja på baken heile tida. Då er ei malingskrape
grei å ha, seier Kamilla.
Dei har også med seg ein pram som dei ofte brukar til å behandla skutesida medan dei er på tur.
— Skøyta var lenge tjørebreidd, og for nokre år sidan skrapte me henne ned. Ho fekk eit
strøk med Borakol mot råte og elles brukar me nå tjøre, rå linolje og terpentin på skutesida også, fortel Audun.
Spontane dagsturar
«Vågen» blei bygt i Svoldal i Kvinnherad i 1937, parallelt med den nå så kjende seglkutteren «Seladon». «Vågen» er 42 fot lang, bygd for sildefiske for Jakob Andreas Syre i Skudeneshavn. Seinare blei ho rigga om til reketrålar. I 1968 blei skøyta seld til Lysefjorden i Rogaland.
Audun blei kjent med henne medan han arbeidde ved eit båtbyggeri på Hommersåk, og kjøpte båten i 1981. Han fekk sett henne på land og brukte 10 år på å restaurera henne og byggja henne om til tomasta seglskute. Seinare har ho vore fritidsbåt.
— Me har vore så langt som til Kristiansund. Elles har me segla ein del i Ryfylke, og me
har nokre vener i Sogn som me også ofte ser innom. Men elles er det himla fint i Sunnhordland, seier Kamilla entusiastisk.
Ho røpar at ein av favorittane er spontane dagsturar i nærområdet når vindforholda passar. Sjølv om Kamilla kjem frå Sørlandet, har det ikkje feista å segla den vegen. Dei skuggar også unna store veteranbåtsamlingar som Havnedagene i Haugesund og liknande.
— Etter mange år på «Mathilde» er eg på mange måtar metta av å vera på utstilling, som ein Julius i Dyreparken, seier Audun.
Dei årlege turane til Skorpo utanfor Uskedalen for å slippa, er derimot noko begge ser fram til med stor glede. Det er ein kamerat av dei, den einaste fastbuande på Skorpo i dag, som eig slippen.
— Opphaldet der kan ta mellom ei og tre veker. Om det passar slik, må me gjerne vera
med i slåtten også medan me først er der, fortel Audun vidare.
Flytande hybel
Under pandemien brukte også Kamilla «Vågen» som mobil hybel medan ho vekependla til Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund. Kveldane brukte ho då til innreiingsarbeid om bord. Og til kortare seglturar med ungdommar ved senteret.
Kamilla var tilsett ved fartøyvernsenteret frå 2016 til 2021. Dei første åra var ho med på ulike oppdrag andre stader i landet; restauarering av «Gjøa» ved sjøfartsmuseet i Oslo, restaureringsarbeid på tungtvassferja «Storegut» på Rjukan og restaurering av nordlandsjekta «Anna Karoline» i Bodø. Det skjedde samstundes med at det nye jektefartsmuseet i nordlandsbyen blei bygt.
I dag arbeidar Kamilla ved eit byggevarefirma i Bømlo.
Audun er fødd i selfangstbygda framfor nokon, Brandal på Sunnmøre. Han har også sjølv vore innom selfangst, som fjerde generasjon innan dette fangstfeltet. Delar av barndommen sin hadde han derimot på Sørlandet. Båtbyggarutdanninga si har han frå Risør og Jondal. Både han og Kamilla var også med på arbeidet med «Dragen Harald Hårfagre», men ingen av dei var med på overfarten til Amerika.