nyhende

Thomas Førde
Thomas Førde med både orienteringsflagg og sommarbukett. I bakgrunnen er historiske Førde gard, som har vore i familiens hans i fleire generasjonar.

Eit halvt hundreår med orientering

Thomas Førde får sommarbuketten for fleire tiår med innsats innan orientering. – Eg trivst med å ha skog og mark som arena, seier Førde.

Publisert Sist oppdatert

Sommarbuketten 2023

Vestavind deler også i år ut sommarbukett til personar som gjer ein ekstra innsats for at andre i lokalsamfunnet skal ha det bra. Desse har fått sommarbuketten:

Flemming Lothe, 8. juni

Nils Kristian Haga, 15. juni

Hildur Larsen, 22. juni

Han har ein lidenskap for orientering og har hatt det sidan han var rundt 11 år gamal. Thomas Førde gjev ros til kvinna som byrja det heile.

– Ho heit Astrid Schei ho som starta orienteringslaget i 1967. Eg har vore medlem sidan starten, seier Førde.

Etter kvart fekk han ein større rolle som pådrivar. Det var ein rolle han tok på strak hand, og er mellom anna difor han får sommarbuketten.

– Det er kjekt å verta sete pris på, og verta lagt merke til. Ikkje minst ein flott måte å gje merksemd til orienteringssporten og kor fantastiske mogelegheiter den har i kommunen, seier Førde.

Stort fellesskap

Utanom eit opphald på 10 år då han ikkje budde i Førde, så har han vore aktiv i Sveio Orienteringslag.
Kor mange timar som har gått med til organisering, dugnad og ikkje minst gåing, er ikkje godt å seia.

– Turorientering slik me har det no byrja me med i 1999. Då sit me ut postar som står heile sommarhalvåret som folk kan gå til når dei vil, seier Førde.

Kostnadane som ligg bak er både veldig låge og høge. For å delta treng ein berre eit par sko, kart og kompass.

– Og det er relativt billige idrettsanlegg, spøker Førde.

Men, det å laga eit godkjent kart kan faktisk kosta fleire hundre tusen.

– No til dags må ein ha med profesjonelle kart-teiknarar, og nytta flyfoto og oppmålingar med laserteknologi, seier Førde.

I tillegg gjer dei mykje frivillig forarbeid som å finna passande terreng, og etterkontroll for å sjå at kartet stemmar.

– Det nyaste me har laga er rundt Førde sentrum, seier han.

Sveio eit mekka

For dei som ikkje er kjende med hobbyen så er det eit stort fellesskap ein vert med i.

– Me har om lag 150 stykkar som deltek kvart år. Det er veldig inspirerande. Dei lengste har vore med snart 30 år på rad, seier han.

Førde fortel at då orientering starta skulle alle i kommunen vera med.

– Det var ei enorm begeistring i bygda som varte i fleire år, den tok eg meg med vidare, seier han.

Han understrekar at gjengen som driv orienteringa på dugnad fortener også heider.

– Ein stødig og pliktoppfyllande gjeng, seier han med eit smil.

Det er ikkje tilfeldig at det er populært i Sveio heller. Og det kan ein takka naturen for.

– Sveio burde ha vore orienteringa sitt mekka grunna terrenget, seier han.

– Kva typar terreng er det?

– Du har veldig mykje opent kystlandskap, til dømes rundt Ryvarden, Lyngholm og Mølstrevåg. Småkupert og lite skog, men likevel utfordrande sjølv om det ikkje er skog. Rundt Førde og Ålfjordsida og nordover er det mykje meir skog som ein tradisjonelt kjenner med orientering. Lengst nord på Valestrand har ein nesten fjell som er relativt høge samanlikna med resten av kommunen. Der får deltakarane andre utfordringar med kraftige stigningar, og ikkje minst enda betre utsikt når dei kjem opp, svarar Førde.

Veksande

Sjølv har han ikkje eit favoritt-terreng og er takksam for variasjonen kommunen har. Saman med familien har han også fått oppleva internasjonale samlingar i Sverige og Danmark.

– Samlinga i Sverige er det om lag 20 000 deltakarar frå 41 land, seier han.

Og nyleg var sprint-orientering ein av greinene som vart sendt på NRK under NM-veka. Han synest det er kjekt å sjå at det veks i popularitet og variantar.

– Det er litt som langrenn. Ein må ha både hovud og bein med seg, seier Førde.

– Kva er det du sjølv likar med orientering?

– Det er ganske utfordrande. Eg trivst med å ha skog og mark som arena, svarar han.

sommarbuketten

Powered by Labrador CMS