nyhende
Eit år med historisk låg arbeidsløyse
I desember var arbeidsløysa i Sunnhordland 1 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken. Det er ein oppgang på 41 i høve november månad.
I Sveio er viser desembertala 24 heilt ledige. Det er tre fleire enn i november, men likevel den tredje beste månaden i 2023. Omgjort i prosent utgjer det 0,8 prosent heilt arbeidsledige. Berre Stord har like låg arbeidsløyse.
Snittet for 2023 er 1,0 prosent heilt ledige i Sunnhordland. Der enda også Sveio året sett under eitt.
Låg i heile 2023
– Me registrerer ein oppgang i tal heilt ledige i desember. Normalt ser me ein lågare avgang av arbeidssøkarar i desember, då statistikkmånaden er kort. Arbeidsløysa i Sunnhordland har halde seg låg i heile 2023 og me legg bak oss eit år med historisk låg arbeidsløyse, seierHåvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland i ei pressemelding.
I desember var det tilgang på 446 stillingar. Dette talet er høgare enn i november, då talet var 267. Samstundes er desember ein statistikkmånad med særleg få verkedagar, og det gir ein historisk tilgang på ledige stillingar per verkedag. Enkelte verksemder har lyst ut ferievikarstillingar for sommaren 2024. Dette bidreg til å dra statistikken opp.
Ventar vekst i 2024
Talet heilt ledige var på det meste 1,2 prosent av arbeidsstyrken i januar månad i 2023. 373 heilt ledige var registrert hos NAV, då.
– I 2023 har arbeidsløysa halde seg stabil på eit særleg lågt nivå. Me trur at arbeidsløysa vil veksa noko i 2024, seier Lægreid.