nyhende

Einige om borgarleg styre

Forhandlingsleiarar i KrF, Høgre, FrP og Sp har signert intensjonsavtale om å styra saman i komande kommunestyre. – Me ser fram til endring i politikken, seier Ole Velde, forhandlingsleiar for Sp.

Publisert Sist oppdatert

Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet kunngjer at dei har signert ein intensjonsavtale om å styra saman. Forhandlingsleiarane seier dei skal møtast att tysdag for å spikra detaljane.

– Me ser fram til endring i politikken, seier Ole Velde (Sp).

– Kva meiner du?

– Det har vore raudt styre i for mange år, seier Per S. Wathne, forhandlingsleiar for KrF.

– Me er fire parti med gode likskapar, legg Velde til.

Saker og ordførar

Dei fire ynskjer ikkje å konkretisera kva saker som vert viktige under forhandlingane, og vil ikkje seia noko om kven som får ordførarsete.

– Det vil me ikkje svara på, seier John Kristian Økland, forhandlingsleiar for Høgre.

Partiet hans har ikkje førehandskumulert nokon, så det er teknisk mogeleg at deira ordførarkandidat André Mundal Haukås ikkje har kome inn i kommunestyret.

– Kvifor trur dykkar oppslutninga i Sveio kommune har endra seg frå raudt til blått?

– Me har jobba jamnt og trutt, og sjølvsagt saman med at det bles ein blå vind over landet, seier Økland.

Dei viktigaste sakene for folk

Forhandlingsleiaren for KrF trur dei fire partia har vist at dei er oppteken av dei viktigaste sakene for folk i kommunen.

– Du kan sjå på de fem spørsmåla me vart stilt av Vestavind, og sjå likskapen mellom oss fire, legg Wathne til.

Senterpartiet er ein av dei partia som har gått mykje tilbake samanlikna med forrige val. Likevel vil ikkje Velde sjå på kvelden som eit nederlag.

– Me er ikkje skuffa. Me hadde håpa at me vart like store som sist, for me gjorde jo eit kjempeval nord i Sveio. Tross alt var det eit greit val, men me har slite med nasjonale vindar. Me vil vera med å påverka Sveio dei neste fire åra, seier Velde.

Førebels mandatfordeling

  • Arbeidarpartiet: 5 (−2)
  • Høgre: 5 (0)
  • Framstegspartiet: 4 (0)
  • Senterpartiet: 3 (−2)
  • Industri- og Næringspartiet: 2 (+2)
  • Kristeleg Folkeparti: 2 (0)
  • Tverrpolitisk Fellesliste: 2 (+2)
  • Miljøpartiet Dei Grøne: 1 (0)
  • Sosialistisk Venstreparti: 1 (0)
  • Liberalistene: 0 (0)
  • Venstre: 0 (0)
Powered by Labrador CMS