nyhende

I natt skal klokka stillast fram ein time. Foto: Ellen Marie Hagevikj
I natt skal klokka stillast fram ein time.

Ein time fram mot lysare tider

30. mars er det tid for å stilla klokka ein time fram. I dag skiftar mange elektroniske klokker til sommartid av seg sjølv. Difor kan det vera fort gjort å gløyma klokker som må stillast manuelt.

Publisert Sist oppdatert

Det offisielle tidspunktet er klokka 02.00 natt til søndag. Då blir natta ein time kortare sidan klokka blir stilt fram til 03.00. Sidan første dag med sommartid er ein søndag, kan du sova like lenge som du brukar. Alle dei som jobbar i helga får ein time mindre nattesøvn.

Men kvifor har me vintertid og sommartid?

Lysare kveldar og mindre bruk av strøm

Tanken bak sommartid er å utnytta dagslyset i sommarmånadane betre og få ein time lengre dagslys om kvelden. Energisparing var også eit viktig moment i starten. I seinare tid har det fått mindre å seia i industrialiserte land.

I nokre utviklingsland er imidlertid energisparing framleis viktig. Nokre gonger blir sommartid innført på kort varsel for hjelpa mot akutt strømmangel.

Første gong under 1. verdskrig

Amerikanaren Benjamin Franklin, ein av dei såkalla «Founding Fathers», introduserte ideen om sommartid allereie i 1784. Briten William Willet publiserte meir konkrete planar i 1907. Forslaget hans gjekk ut på å stilla klokka fram 80 minutt for å spara energi.

Men det var tyske keiser Vilhelm II som blei den første til å innføra sommartid. Det skjedde i april 1916 under 1. verdenskrig. Tanken var å spara drivstoff ved å redusera bruken av kunstig lys om kvelden. Dette viste seg å fungera, og andre krigande land følgde etter.

Etter 1. verdskrig droppa mange land sommartid. Under 2. verdskrig innførte tyskarane igjen sommartid i land dei okkuperte. Mellom andre Noreg.

Avvikla og innført fleire gonger

Då freden kom, vart sommartid avvikla i Noreg, men innført igjen i 1959. Etter stor usemje på Stortinget, blei sommartid igjen avvikla i 1965. Fram til 1980, då Noreg bestemte at dei skulle følgja resten av Europa. Noreg har brukt sommartid i 58 år mellom 1916 og 2023.

Etter 1980 har me følgd EU-standarden med ein time fram siste søndag i mars og ein time tilbake siste søndag i oktober. Eller som tommelfingerregelen seier: fram mot sommaren om våren og tilbake mot sommaren om hausten.

Forskjell på nord og sør

Meir enn 70 land i verda brukar sommartid. På den nordlege halvkula er det sommartid frå mars-april til oktober-november. På den sørlege halvkula er sommartida frå september-oktober til februar-april.

I Europa er det berre Island, Kviterussland og Russland som ikkje byter mellom sommartid og vintertid.

Powered by Labrador CMS