nyhende

Ein historisk høg prosentdel av dei stemmeberettiga i Sveio nytta høvet til å bruke stemma si ved årets stortingsval. Foto: Ellen Marie Hagevik
Ein historisk høg prosentdel av dei stemmeberettiga i Sveio nytta høvet til å bruke stemma si ved årets stortingsval.

Ein siger for demokratiet

Årets stortingsval var spennande på fleire måtar. For Sveio sin del vil valet også bli hugsa for to valrekordar.

Publisert Sist oppdatert

Lenge såg det ut til at frammøterekorden til stortingsval frå 2017 ville bli ståande. 81,3 prosent er høg oppslutnad ved eit val.

Men etter at dei siste førehandsstemmene var talt opp tysdag kveld, viste det seg at det totalt var levert inn 3.437 stemmsetlar. Det gir ny frammøterekord på 83,2 prosent. 1,9 prosent meir enn i 2017.

Som om ikkje det var nok, har heller aldri så mange førehandsstemt som i år. Stortingsvalet 2021 var det pandemi, og det vart oppmoda til å førehandsstemma av helseomsyn. Det gjorde 62,6 prosent av dei stemmeføre i Sveio.

Ein rekord som mange trudde ville bli ståande lenge. Sveibuane ville det annleis. Heile 65,3 prosent av årets stemmer blei levert innan fredag 5. september.

Slik stemde sveibuen

Valresultata i Sveio. Skjermdump: Vestavind/e-avis
Powered by Labrador CMS