nyhende
Ein person skadd etter fallulykke
Politi og helse har rykka måndag etter middag ut til ei arbeidsulykke i Auklandhamn. Ein mann i 40-åra er skadd.
– Helse har kome fram til staden, og vedkommande er ved medvit og vurdert som lettare skadd. Ulykka skal ha skjedd på ei privat adresse i Austrevågen. Det er snakk om eit fall på mellom 1 og 1,5 meter. Ein politipatrulje er på veg til staden, opplyser operasjonsleiar Sindre Lotsberg ved Sør-Vest politidistrikt til Vestavind like før klokka 15.30.
Politiet fekk meldinga om ulykka via AMK klokka 15.20.
Klokka 16.03 melder politiet at pasienten er tatt med av ambulanse for ein sjekk hos helsevesenet. Politiet har avslutta på staden og opprettar sak på forholdet. Arbeidstilsynet vil også bli varsla.
Politiet har ikkje snakka med arbeidaren, men med ein representant for firmaet. Fallulykka skal ha skjedd i samband med arbeid på eit tak.