nyhende
Ein mista førarkortet etter fartskontroll
Onsdag kveld vart fleire stoppa av utrykkingspolitiet på E39. Ein førar var så hard på gassen at han no er utan førarkort.
– Dei heldt kontroll frå 19.30 til om lag 23.00, seier Britt Jorunn Løvereide, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Utrykkingspolitiet (UP) stod på vanleg plass i Førde, nemleg ved busstoppet i 60-sona som går gjennom bygda. Der vart 12 sjåførar stansa grunna fart.
– Det var gjeve 11 forenkla førelegg, og ein fekk førarkortet beslaglagt og er meldt til politiet, seier Løvereide.
Høgaste fart målt var 86 kilometer i timen i 60-sona.
Annonse
Bøtesatsane for 60-sone eller lavare
- Til og med 5 km/t: kr. 1 100
- Til og med 10 km/t: kr. 3.000
- Til og med 15 km/t: kr. 5.400 (+ 2 prikkar)
- Til og med 20 km/t: kr. 7.800 (+ 3 prikkar)
- Til og med 25 km/t: kr. 12.100 + 3 prikkar)
- Over 25 km/t: inndraging av førarkort