nyhende

Det er estimert at 1 million nordmenn har pollenallergi av større eller mindre grad. Forskar og overlege meiner fleire bør vaksinere seg for å få bukt med plagene.
Det er estimert at 1 million nordmenn har pollenallergi av større eller mindre grad. Forskar og overlege meiner fleire bør vaksinere seg for å få bukt med plagene.

Ein million nordmenn er plaga av pollen – berre eit fåtal vaksinerer seg

Rundt 1 million nordmenn er plaga i pollensesongen, men berre 30.000 er vaksinerte mot allergi. – Det bør vere det tidobbelte, meiner forskar.

Publisert Sist oppdatert

– I alle fall 300.000 nordmenn bør vaksinere seg. Ein vaksine gjer noko med sjølve immunapparatet. Det betyr at vi behandlar sjølve sjukdommen, ikkje berre symptoma, seier professor og overlege Sverre Steinsvåg til NRK. Han har forska lenge på allergi og behandling.

Det er estimert at 1 million nordmenn opplever allergisymptom i pollensesongen og 400.000 melder sjukefråvær som følgje av dette, skal vi tru ei YouGov-undersøking frå i fjor.

500.000 kandidatar

– Halvparten har ikkje god nok effekt av spray, augedropar eller allergitablettar. Det betyr at 500.000 nordmenn er kandidatar for vaksine, seier Steinsvåg.

I dag vert vaksine mot allergi stort sett tatt som tablettar. Ei behandling betyr ein tablett dagleg over tre år. Tablettvaksinen vert gitt på blå resept.

– Forsking viser at dette er veldig effektivt. For pollenallergikarar ser vi at 80 prosent vil heilt eller delvis bli kvitt sjukdommen, seier forskaren.

Nytte, risiko og kostnad

Leiar for Norsk forening for allmennmedisin, Marte Kvittum Tangen, seier det er godt kjent blant norske fastlegar at vaksine er eit alternativ, men at det ikkje er det beste for alle med allergi.

– Ein må alltid vurdere nytte, risiko og kostnad. Har ein kortvarige plagar i den mest intense sesongen, og god effekt av anna medisin, er det ikkje grunn til vaksinering. Vi har også pasientar med biverknadar under den langvarige behandlinga som vaksinen krev, seier Kvittum Tangen.

Powered by Labrador CMS