nyhende

Rune Nilson beherskar dei fleste norske dialektar, og han set stor pris på det norske dialektmangfaldet. FOTO: BENT TANDSTAD / NPK
Rune Nilson beherskar dei fleste norske dialektar, og han set stor pris på det norske dialektmangfaldet.

– Ein liten spasertur i barndomsgata, så er dialekten min like brei som i yngre dagar

Radiomannen Rune Nilson har eit nært forhold til det norske dialektmangfaldet. Heile landet er derfor representert når han skaper persongalleriet sitt som vi kjenner frå blant andre “Lunsj” og “Landsmøte”

Publisert Sist oppdatert

Mål og meiningar

Kven: Rune Nilson (snart 50)

Kva: Tilsett i NRK

Kor: Frå Egersund, bur iTrondheim, men snart i Oslo.

Til dagleg snakkar Rune Nilson det han sjølv kallar ei litt modifisert utgåve av dialekten frå heimbyen Egersund. Han har droppa ein del spesielle ord i dialekten sin når han snakkar i radioen. For som han seier, det er viktigare å bli forstått enn å halde beinhardt på den opphavlege dialekten.

– Men det tek ikkje mange dagane heime i Egersund før dialekten er like brei som i yngre år. Og eg får ikkje mykje kjeft av dei lokale når det gjeld dialektbruken, legg han til.

Rikt persongalleri

Dei fleste som lyttar til radiokanalen P1 på NRK har høyrt på Nilson. Den kreative snart 50-åringen har presentert norske radiolyttarar for eit persongalleri utan sidestykke dei siste åra.

Han har vore med å lage tusen utgåver av programmet Lunsj og seinare kom Landsmøte. Akkurat no har Nilson permisjon for å lage podkast om ein av dei mange figurane han har skapt opp gjennom åra: Ståle Utslagsnes frå Utslagsnes, ei grisgrendt bygd langt nord i landet.

Mange har ledd seg krokete av dei snurrige figurane til Rune Nilson – og Ståle Utslagsnes er berre ein av karakterane hans. Utslagsnes er ein evig optimistisk gründer med umetteleg appetitt på nye næringsvegar det kan vere mogleg å gjere til eit levebrød. Mange av dei er knytt til utnytting av lokale naturressursar, og då står spesielt skarven sentralt.

Vi møter Rune Nilson på ein kald og hustrig dag i NRK-bygget på Tyholt iTrondheim, der han inntil vidare har arbeidsplassen sin. Snart flyttar han til Oslo der NRK på Marienlyst blir den nye jobbkvardagen hans.

– No er eg lei av regn og kulde iTrøndelag. Eg blir ein slags klimaflyktning, seier han i det han viser veg inn i bygningen. Han er ein jovial kar med glimt i auget, og smilet er aldri langt unna.

I den nye podkasten, som blir publisert i august, er det nærradio den utradisjonelle entreprenøren frå nord har sett seg ut som nytt satsingsområde. Men Rune Nilson lovar at radiosatsinga ikkje gjer at Ståle Utslagsnes har gitt opp dei mange andre prosjekta sine.

– Ståle avsluttar aldri eit prosjekt, han startar berre opp nye. Utslagsnes Transport og Skarv, helikoptersightseeingane, skarvehattane og livsstilskonseptet Mindlessness vil framleis vere med. Det same gjeld kameraten og kompanjongen Steve og truleg og den tvilsame forretningspartnaren Sergej frå Murmansk, fortel Rune Nilson med eit smil. Han lovar og nye møte med samiske Jan Olsen, våpeneksperten Johan Remington Stål og andre figurar frå det rikhaldige rollegalleriet sitt.

– Spøk som gjekk for langt

Og ikkje gløym norskamerikanske Charlie Rackstead, countrymusikar frå Minnesota som har gjort det til si greie å omsetje norske pop- og rocketekstar til engelsk, og framføre låtane i countryform. Saman med bandet The Sticklesbergen Ramblers har han gjort sin eigen vri på over 40 norske låtar.

Til dømes «Splitter pine» frå DumDum Boys har blitt til «Splitterpein» på Minnesota-engelsk.

– Det var ein spøk som gjekk for langt. Det byrja med ein sketsj i radioen, og balla det på seg. Det vart konsertar og plateinnspelingar, og denne sommaren skal vi spele på to festivalar, i Lofoten og på Breim. Slik kan det gå når ingen ansvarlege seierstopp, ler han.

Radiostudio hos bestefar

Det var i heimbyen Egersund radiokarrieren starta for Rune Nilson. Han er arveleg belasta. Faren og onkelen starta i sine yngre år opp den første piratradioen i byen i barndomsheimen sin. Og utstyret stod igjen då dei flytta ut, og det vart ein ynda leikeplass for den musikkglade Rune på besøk hos besteforeldra.

– Eg fekk leike mykje eg ville i studioet heime hos farmor og farfar, og eg starta tidleg med å skape figurar. Då det vart lovleg med nærradioar tidleg på 1980-talet var eg sjølvsagt med, og eg heldt fram med det eg starta i piratstudioet til far og onkel, minnest han.

Det har sidan vore mest radio i yrkeskarrieren til Rune Nilson, men vi kjenner han og frå TV-skjermen, blant anna frå «Ikke gjør dette hjemme» og «Sommerbussen».

Heime best

Heimbyen er viktig for rogalendingen. Minst ei veke i året reiser han og familien til Egersund på ferie, og då kosar dei seg på eit fyr utanfor byen. Han likar og spaserturar i gågata og å helse på gamle kjenningar.

– Det å flytte tilbake til Egersund hadde eigentleg vore draumen, men eg ser at det kan bli vanskeleg å kombinere med den jobben eg har, seier han.

«Dialektguru»

Rune Nilson set stor pris på at det blir brukt dialektar i radio og fjernsyn. Figurane han har skapt snakkar dialektar frå heile landet, og det verkar som om han beherskar alt vi har av språkvariantar i Noreg.

Nyleg var han gjest i «Eides Språksjov» på NRK1, og då tok han opp att den dialektiske turen rundt heile landet som har gjort at har blitt kalla for dialektguru. Han jobbar seg frå Sørlandet og opp til Finnmark med tilsynelatande perfekt dialekt heile vegen.

– Det starta eigentleg som eit partytriks på Lorry i Oslo, og sidan har det balla på seg. Dialektrundturen har blant anna blitt brukt i norskundervisinga i grunnskulen, og det har og barna mine opplevd. Endå ein spøk som har gått for langt, gliser Nilson.

Powered by Labrador CMS