Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Ein liten peikepinn før valtala kjem
Frp, Ap og Høgre fekk flest stemmer under skulevalet på ungdomstrinnet ved Sveio skule. 221 elevar gjekk til valurna måndag.
Dei tre partia fekk knappe 60 prosent av stemmene. Nykommar Tverrpolitisk Fellesliste kom høgast av dei øvrige åtte partia, medan KrF fekk færrast stemmer. 5,8 prosent stemte blankt.
– Dette er eit val der resultata ikkje er det viktigaste, men det fortel likevel kva ungdommane meiner og korleis kommunestyret ville sett ut om dei fekk bestemma, seier Sverre Halleraker.
Tradisjon å stemma
Samfunnsfaglæraren har hatt ansvar for i alle fall fire valprosjekt. Når det er valår, er dette tema frå skulestart og fram til skulevalet. Og i motsetnad til det vanlege valet, stemmer alle.
– Elevane lærer om val, parti og korleis demokratiet fungerer. Dei les partiprogram og gjer eit grundig i arbeid fram mot valdagen. Då er det tradisjon å stemma, og me lagar til stemmelokale med stemmeavlukke og valurne, fortel Halleraker.
Dei som utmerkar seg
Han er ikkje overraska over resultatet, og valet speglar også at det ikkje er miljø og slike ting elevane legg mest vekt på ved kommunestyrevalet.
– Det viser seg at dei som får flest stemmer gjerne er dei ungdommane meiner utmerkar seg og gjer det godt gjennom valkampen, seier Halleraker.