nyhende

Ein knivsegg mellom tradisjon og innovasjon

Morten Håkonsen er Noregs einaste profesjonelle knivmakar og kombinerer norsk tradisjon med eksotiske materialar. Slik blir kvar nye reiskap også eit kunstverk med ei heilt særeigen historie.

Publisert Sist oppdatert

Poff! Det tek berre eit titals sekund frå Morten Håkonsen fyrar opp den eine propansmia til den avlange stålbiten han nett la inn ulmar i eit raudoransje skjer.

1250 grader er heitt sjølv for metall. Med ei lang tong løftar Håkonsen det glødande stålet ut att og plasserer det på ein liten ambolt. Så gyv han smilande laus med ein hammar.

Kanskje ser Håkonsen alt no for seg korleis den ferdige kniven skal bli. Det er ofte slik, at han førestiller seg skaftet og slira medan han jobbar med bladet. Sjølv om kvar kniv startar med ein idé, er det først når han held materialet til dei ulike delane i handa at han veit kva det må bli. Stålet han jobbar med no er forresten vrakrestar frå det tyske slagskipet Tirpitz. Håkonsen vedgår at han er svak for materiale med spesielle historier.

– Å forme stålet til eit blad er som å leite etter kniven som gøymer seg inni metallbiten. Når stålet først er varmt nok, blir det som ein mjuk deig. Det er derfor eg stadig må varme det opp att medan eg jobbar, forklarar Håkonsen, medan han vekslar mellom å slå og bøye stålet for hand og under ein gammal, motorisert hammar.

Frå sverd til spikkekniv

Han trur det må ha vore knivmakarane på Dyrsku’n i Seljord som vekte knivinteressa i han som unggut. I mange år arbeidde Morten Håkonsen likevel fulltid som prosessoperatør i industrien og laga knivar på hobbybasis. Det var først etter å ha teke ein bachelor i økonomi og ikkje fått jobbnapp at han satsa for fullt på knivmaking. Forretningsideen var å lage knivar i rustfritt stål. På den tida var det ingen andre i Noreg som gjorde det.

Sidan har verksemda og nettbutikken vakse til å bli ei av dei største i landet. I dag er Morten Håkonsen den einaste profesjonelle knivmakaren i Noreg. I verkstaden i Kjørbekkdalen i Skien lagar han alt frå bruksknivar og jaktknivar til kjøkkenknivar og spikkeknivar. Han restaurerer og sliper alle slags knivar og blad. Ved sida av dreg han landet og heldt kurs i knivmakeri og lêrarbeid.

Også dei mønstersmidde blada kjem i alle storleikar.

Med tida har han opparbeidd seg eit breitt nettverk av kundar både i inn- og utland.

– Instagram har gjort verda mindre, for no får eg bestillingar frå Belgia til USA. Seinast i sommar tok franske kundar turen innom butikken fordi dei hadde sett arbeidet mitt på sosiale medium. Eit av dei meir spesielle oppdraga eg har fått, var bestilling på eit sverd til eit bryllaup i Indonesia. Då smidde eg eit vikinginspirert saksesverd i damaskstål med skaft av edeltre. Prislappen kom vel på rundt 40.000 kroner, humrar han, og legg raskt til at prisen reflekterte materialbruken og arbeidstimane.

Eigen identitet

For Håkonsen startar alltid knivarbeidet med eit nøye utvalt stål til bladtypen han skal jobbe med. Ofte kombinerer han ulike stålsortar for å oppnå best mogleg balanse mellom styrke og fleksibilitet. Der mange land i verda har tradisjon for knivblad laga av eitt heilstøypt stålemne, har såkalla laminerte knivar vore vanleg i Noreg i over tusen år. Den særeigne teknikken inneber å smi eit blautt og ikkje herdbart stål utanpå eit herdbart eggstål. Håkonsen heldt stolt heldt tradisjonen i hevd.

Det betyr likevel ikkje at han tenkjer nytt, forsikrar han:

– Eg lagar det eg synest er gøy og som fell meg inn der og då. For meg er det heile poenget. Malar og teikningar er ikkje noko for meg – eg likar ikkje ting som skal vera «rett». Sjølv om det er tradisjonshandverk, leitar eg alltid etter nye uttrykk. For meg er det viktig at kvar kniv blir unik og har ein eigen identitet.

– Eg er også alltid på jakt etter nye metodar som kan gjere arbeidet betre utan å gå på kompromiss med kvaliteten, seier Håkonsen, som sjølv var ein dei første i landet som tok i bruk propansmie.

Han legg den ferdigsmidde grunnforma frå seg i ein haug med likesmidde og heng frå seg forkledet. Seinare skal han både slipe og finjustere grunnforma, før han herdar og avkjøler stålet i fleire steg for å gjere det meir fleksibelt. Først når bladet er så finslipt at det har fått ein sylskarp egg, kan han montere skaftet og justere skarpleiken og balansen i kniven.

Eit knippe bruksknivar.

Mammut og kamel

I den kombinerte butikken og verkstaden utanfor smia bognar hyller og skuffar med verktøy og materiale og ferdige blad og knivar. Her er tre, bein og korallar frå alle verdshjørne og med vidt ulik farge, tekstur og historie. Treng du slirelêr? Lisser av kenguruskinn? Polérmaskin? Eller kanskje eit skaftemne i ibenholt eller oliventre? Håkonsen har det!

Ved disken hentar han fram eit emne i alm som han har farga svart og sett inn med sølvvoks som skal leggje seg ned i dei grove årringane. Kan hende blir det ikkje slik han har sett for seg. Kan hende må han lage noko heilt anna, seier han – men prøve, det må han jo, konstaterer Håkonsen, og strekk handa mot nokre av dei ferdige knivane som heng på veggen.

Alle har knivblad smidd med forseggjorde mønster. Håkonsen lagar mønstera ved å smi to herdbare metall saman. Det eine metallet er legert med nikkel og blir blankt, medan det andre stålet blir svart, fortel han og stryk ein grimete finger over skaftet på ein av knivane:

– Denne har norsk valbjørk, der borken veks innover og gir fine mønster. Det kvite bandet er forresten kamelbein, forklarar han, og veg ein annan kniv i den andre handa:

– Her er det ein med ti tusen år gammalt mammutelfenbein frå den siste istida, som eg kjøpte då det blei henta opp frå den sibirske tundraen på 1990-talet. I dag er det nesten uråd å få tak i. Og den svarte stripa der er gagat, forsteina kol altså, som dei brukte som spegel i Egypt i oldtida, peikar han.

Materiala er i bein og treverk frå heile verda.

Tradisjon vs. innovasjon

Når blad og skaft er ferdig, er det berre slira som står att. Også ho krev nitid handarbeid. Håkonsen nyttar gjerne element frå naturen for å dekorere slirene, saman med fargerike trådar eller små metallbitar. Fargane og mønsteret på slira skal alltid harmonere med kniven, meiner Håkonsen.

– Ofte syr eg slirene medan eg ser på fjernsyn. Det er eit detaljert arbeid der kvart sting må vere perfekt for at slira skal halde seg stram og beskytte kniven, fortel han og set seg ned ved arbeidsbenken for å pusse på eit uferdig skaft.

I stativa på bordet står det fleire halvferdige knivar som nok ikkje blir fullførte i dag heller.

Morten Håkonsen likar å arbeide nettopp slik; å grunne på ein kniv, medan han jobbar med ein annan. Slik skapar han i snitt rundt hundre knivar i året. At etterspørselen ofte er større, lét han seg ikkje påverke av.

Ein skikkeleg kniv må ta den tida det tek.

– Mykje av det eg driv med handlar om å finne den rette balansen mellom tradisjon og innovasjon. Men det viktigaste for meg er at knivane både blir funksjonelle og vakre, seier han.

– Kniven er meir enn berre ein reiskap – han er og eit levande uttrykk for mange års erfaring og kjærleik til handverket.

Powered by Labrador CMS