nyhende

Nokre grunnar til at Sveio er ein attraktiv kommune å busetja seg i blant kommunar på Haugalandet og i Sunnhordland kan vera rimelegare tomteprisar, moglegheit for større tomter og hobbybruk og tilgang til sjøen, trur plan- og næringsavdelinga i Sveio kommune.1. rekke f.v.: Nina Østensjø (innleigd frå Atheno AS), Mathilde Grimsby, Åshild Irene Lie og Åse Aleheim. 2. rekkje f.v.: Bjarne Hetlesæter (leiar), Bjarte Stølås Storli, Dagfinn Fagerland Bjørge og Geir Ragnhildstveit. 3. rekke f.v.: Arne Møllerhaug, Ilona Nowak, Kristin Isabel Thorbjørnsen og Åge Mikael Hjellestad. Øyvind Grindheim (landmålar) høyrer også med i denne gjengen, men var ikkje til stades då biletet blei teke.
Nokre grunnar til at Sveio er ein attraktiv kommune å busetja seg i blant kommunar på Haugalandet og i Sunnhordland kan vera rimelegare tomteprisar, moglegheit for større tomter og hobbybruk og tilgang til sjøen, trur plan- og næringsavdelinga i Sveio kommune.1. rekke f.v.: Nina Østensjø (innleigd frå Atheno AS), Mathilde Grimsby, Åshild Irene Lie og Åse Aleheim. 2. rekkje f.v.: Bjarne Hetlesæter (leiar), Bjarte Stølås Storli, Dagfinn Fagerland Bjørge og Geir Ragnhildstveit. 3. rekke f.v.: Arne Møllerhaug, Ilona Nowak, Kristin Isabel Thorbjørnsen og Åge Mikael Hjellestad. Øyvind Grindheim (landmålar) høyrer også med i denne gjengen, men var ikkje til stades då biletet blei teke.

Ein kamp om innbyggjarane

For å trekka til seg og halda på innbyggjarar er det viktig for Sveio kommune å tilby tenester av god kvalitet. – Auka næringsverksemd gir fleire arbeidsplassar og høgare verdiskaping som kan få folk til å flytta til Sveio, seier kommunalsjef Kenneth Tollefsen.

Publisert Sist oppdatert

Naturleg nok er det også dei som flyttar frå Sveio kommune, men flyttelasset blir i mange tilfelle ikkje flytta så langt. I tidsrommet mellom 2000 og 2019 flytta 2123 frå Sveio til Haugesund, og 501 sveibuar ville heller bli karmøybuar.

Destinasjonen for 305 personar i perioden var Bergen. Det kan mogleg ha ein samanheng med at vestlandshovudstaden også er eit toppval for dei som reiser vekk for å studera.

I den aktuelle perioden flytta totalt 4561 sveibuar til ein annan stad i Noreg.

Bulyst-prosjekt

Kva har Sveio kommune av tilflyttingstiltak? Me høyrer med kommunalsjef for utvikling, Kenneth Tollefsen, som fortel at eit større prosjekt i samarbeid med Atheno er i gong.

– Det går på auka bulyst og næringsutvikling. Vidare deltek me i ei rekke prosjekt i regionane for å få folk til å flytta tilbake til Haugalandet/Sunnhordland. Desse prosjekta blir drivne og koordinerte frå Haugaland Vekst og Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Sveio kommune har til dømes verdibrev som blir utdelt til avgangselevar, seier Tollefsen.

Frå 2014 og fram til i dag, har kommunen i snitt betalt ut 825 000 kroner årleg til dei som slår seg ned i eigen kommune.

Kvalitet i tenester

Vidare meiner kommunalsjefen, som sjølv er fødd og oppvaksen i Sveio, at kvalitet i dei kommunale tenestene og aktivitets- og kulturtilbod vil vera positivt med tanke på tilflytting.

– Auka næringsverksemd gir fleire arbeidsplassar og høgare verdiskaping som kan få folk til å flytta til Sveio. Sveio kommune bidrar her som tilretteleggjar. Dette kan vera gjennom arealplanlegging, sal av næringstomter, førstelinjetenester som idéavklaring, rettleiing til finansieringskjelder, temasamlingar, kompetanse kring forretningsutvikling med meir. Her nyttar Sveio kommune midlar for å støtta næringsutvikling. Byggeprosjekt som gir betre løysingar eller nye funksjonar, samt aktivitetsområde kan også verke positivt, seier Tollefsen.

Nokre døme på slike prosjekt er lysløype, dagsturhytte, Flokehyttene, Rex Garden, utvikling av golfbanen, offentlege toalett og tilrettelegging av turløyper, nye/rehabiliterte skulebygg (Sveio, Førde, Vikse), oppgradering av uteområde på skular og leikeplassar, utbetring av trafikksikkerheit og framkommelegheit, planlegging og tilrettelegging av bustadområde, utvikling og sal av næringstomter, breibandsprosjekt og prosjekt i regi av Friluftsrådet Vest.

Indrefileten

Innbyggjartalet i Sveio kryp stadig litt oppover. For 2020 har SSB registrert 59 fødslar, 38 dødsfall og ei nettoinnflytting på 11 personar.

Leiar for plan- og næringsavdelinga, Bjarne Hetlesæter synest eigentleg det er litt rart at ikkje fleire finn vegen til Sveio, med tanke plasseringa på arbeidsmarknaden rundt oss, på alle kantar.

– Eg likar å samanlikna Sveio med indrefileten i Vestlandet, midt mellom Haugesund og Stord, Stavanger og Bergen. Hovudferdselsåra E 39 går gjennom Sveio, på same tid grensar me til E 134 i aust og vest. Me ligg veldig sentralt, fastslår Hetlesæter.

Lokale initiativ

Om han er nøgd med tal tilflyttarar som kjem til kommunen, blir litt vanskeleg å svara på, men han er sikker på at all vekst er positiv. Den siste tida er det søre delen av Sveio det har kome flest nye bustadar, i tillegg til Sveio sentrum og Lauvneset i Førde.

Attraktivitet har vore eit viktig element dei siste åra. Familiar som ønskjer einebustad – gjerne med sjøutsikt, har lettare tilgjenge til dette og til ein gunstigare pris, enn det ein til dømes har i Haugesund, vestre Tysvær og Fastlands-Karmøy, og likevel innanfor akseptabel pendlaravstand.

Det nye no, er at kampen om menneska «hardnar til», då folketalet har stagnert i heile området mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden, kommenterer plan- og næringsavdelinga, som også vil framheva LivOGlyst-prosjektet i Valestrand og tiltak i Førde for å visa fram kva kvalitetar som fins i heile kommunen som fine initiativ for å auka busetnad.

Særprega busetnad

– Likevel er det plass til mange fleire. Sveio kommune er litt spesiell i forhold til busettingsmønsteret. Det bur folk i heile kommunen – i alle bygder, seier einingsleiaren.

Han og dei andre tilsette i plan- og næringsavdelinga styrer stramt etter kommuneplanen, som har ein samfunnsdel og ein arealdel. Her er det underforstått at heile kommunen skal vera levande.

– Det særprega busettingsmønsteret er ønskjeleg å ta vare på, og leggja til rette for levande bygder, i kombinasjon med styrking av sentrum, og tettstaden Rophus, seier Hetlesæter.

På det jamne, vil han trekka fram omdømme og marknadsføring som to viktige stikkord når det gjeld å trekka til seg innbyggjarar. Å reklamera for Sveio som ein god bustadkommune kan det bli meir av, medan å skapa eit godt rykte blir jobba med dagleg.

Godt rykte

– Dei som tar kontakt for å byggja hus, får rettleiing i henhald til moglegheitene som er vedteke i kommunenplanen. Å skapa seg eit godt omdømme tar tid, men er gull verdt om ein klarar det. Tidlegare har me registrert at Sveio kommune har eit godt rykte på seg i forhold til effektiv saksbehandling, og møtt folk på ein god måte i forhold til å busetta seg og etablera seg, seier Hetlesæter.

Han legg til at omdømme eigentleg gjeld innafor alle tenesteområda i kommunen – og at ein har sterkt fokus på å byggja dette opp over tid.

Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.
Powered by Labrador CMS