nyhende

Den atlantiske laksen er med på lista og er plassert i kategorien «nær truga».
Den atlantiske laksen er med på lista og er plassert i kategorien «nær truga».

Ein fjerdedel av ferskvassfiskane risikerer å døy ut

Ein fjerdel av ferskvassfiskane på raudlista til Verdas naturvernunion (IUCN) står i fare for å bli utrydda som følgje av klimaendringar og forureining.

Publisert Sist oppdatert

Ei oppdatering av den globale raudlista vart lagt fram på Cop 28, FNs klimatoppmøte i Dubai, måndag. Raudlista finn du her.

For første gong er det gjort ei samla vurdering av ferskvassfisken i verda, som utgjer over 40 prosent av dei kjende fiskeartane. Éin av fire av dei nesten 15.000 undersøkte artane av ferskvassfisk står i fare for å døy ut, konkluderer IUCN.

Atlanterhavslaks

Den atlantiske laksen er også med på lista og er plassert i kategorien «nær truga». Det er han også kategorisert som på den norske raudlista. For 17 år sidan var den plassert i kategorien «Livskraftig».

Globalt har bestanden gått ned med 23 prosent mellom 2006 og 2020, ifølgje WWF Verdsnaturfondet.

– At laksen hamnar på den globale raudlista, viser kor komplekse trugselbileta mot artane i verda kan vere, og at det er eit sterkt behov for å få på plass tiltak på tvers av ei rekke sektorar om vi skal kunne snu den negative utviklinga, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF.

Mange truslar

Trugslane som blir lista, er klimaendringar, invaderande artar (pukkellaks), oppdrettsverksemd (lakselus, genetisk forureining frå oppdrettslaks), forureining (frå jordbruk og skogbruk) og fysiske konstruksjonar som avgrensar vandringane til laksen (som damanlegg).

Raudlista har vorte sett saman sidan 1964. Den inneheld no nesten 160.000 artar av plantar og dyr, og 44.000 er klassifiserte som «truga».

Powered by Labrador CMS