nyhende

Kundar utan straum i Sveio klokka 17.30 laurdag. Kart: Fagne
Kundar utan straum i Sveio klokka 17.30 laurdag. Kart: Fagne

Ein del har fått straumen tilbake, andre er blitt straumlause

Klokka 16.00 hadde Fagne eit håp om att alle i Sveio skulle ha fått straumen igjen. I staden har det gått motsett veg sidan klokka 10.

Publisert Sist oppdatert

Ein del område som tidlegare var på Fagne-kartet har no fått straumen tilbake. Ein sjekk klokka 15.30 viste at 1.092 kundar då var utan straum. Det er faktisk 262 fleire enn Fagne meldte i 10-tida.

Årsaka er at fleire er blitt straumlause søraust i Sveio. Klokka 17.30 var det 742 kundar utan straum i området Fjon, Apeland, Nese, Røykenes, Oa, Erve, Buvik og Mælen.

Færre i sørvest

I eit lite område på Fjon, der straumbrotet har utspring i Tysvær, er det no att 18 kundar utan straum.

I sørvest er talet gått ned til 47, og området utan straum ligg no innanfor Rophus, Lindøy, Bodsvik, Husavatnet, Melledalen og Slettene.

På Tveit er det èin straumkunde som framleis ikke har fått straumen tilbake.

Kan gå mot midnatt

Felles for alle som framleis er straumlause i Sveio, er at Fagne no melder at dei ventar at straumen skal vera tilbake i desse områda innan klokka 00.00 søndag.

På det meste var nesten 9.000 kundar utan straum i natt og på tidlegmorgonen i Fagne sitt område. Om lag 1.300 av desse var sveibuar.

Fagne har store ressursar i sving, men feilrettinga kan ta tid:

Du finn oppdatert kart og info frå Fagne her.

Powered by Labrador CMS