nyhende
Ein bra første månad i Sveio
Det er ein månad sidan opninga av Vinmonopolet i Sveio. Butikksjef Anne Kathrine Kruse Haaheim Silverbird synest det har vore ein fin flyt i kundar. – Reknar med ein auke mot jul, seier ho.
– Du må vera med inn her, seier Anne Kathrine Kruse Haaheim Silverbird.
Butikksjefen for Vinmonopolet i Sveio kan ikkje intervjuast ute i butikken. Ho held nemleg på å fiksa noko kritisk for butikken, kaffimaskina på pauserommet.
– Sjølv så drikk eg ikkje kaffi faktisk, men for dei andre er jo dette noko me må få på plass, seier ho.
Fin start
Til skilnad frå opninga i Sveio har ikkje kaffi-installasjonen vore enkel.
– Den første maskina funka berre ikkje. Me har hatt dei tilsette, elektrikarar, snikkarar og fleire som har prøvd seg, men til ingen nytte. Då skaffa eg berre ny, seier ho.
Medan ho installerer ein forhåpentlegvis fungerande kaffimaskin fortel ho om den første tida i Sveio. Det har vore ein god start.
– Det har gått som forventa for ein butikk i denne storleiken. Det er ein litt rolig tid og eg reknar me at salet vil ta seg opp mot jul, seier Silverbird.
Tilbakemeldingane så langt har vore positive og ho kan fortelja at det er interesse for lokale produkt blant kundane. Butikken i Sveio er det som kallast for ein «kategori 1» butikk. Det betyr at den skal selja om lag 35 000 liter eller mindre årleg og ikkje er open kvar dag.
– Men salet har vore over forventing, seier ho.
Silverbird har tidlegare peika ut at storleiken på butikken tilhøyrar kategori 2, og at det betyr betre utval for kundane.
Deler nokre tankar
Ein durande lyd kjem i frå kaffitraktaren. Silverbird skrur den av og på, før den plutseleg spyttar varmt vatn og damp ned i trakta. Suksess!
– Det var godt, då vert dei tilsette nøgde, seier ho.
Sidan butikken er kategori 1 så er opningstidene sjeldnare enn vanleg.
– Me har kun opent tre dagar i veka. Så dei som bestiller må tenkja at dei får det veka etterpå, seier ho.
No går det mot jul og dei skal planlegga tilbodet. Det er ei av dei tidene som er mest travel.
– Det er jo første jul i Sveio så me har ikkje historikk å lena oss på, humrar Silverbird.
Faktiske tal har ikkje Silverbird lov å dela sidan ho er butikksjef. Men, ein kjapp telefon til Oslo og pressetalsmann for Vinmonopolet Jens Nordahl gjev eit større bilete. Han meiner butikken går etter skjema.
– På bakgrunn av fire veker med drift kan me gjera oss nokre tankar. Første veka selde me 1.200 liter, og dei tre neste om lag 900 liter vekentleg, seier han.
Mellom 60 og 70. 000
Normalt bør det gå litt over eit år før ein kan seia meir om drifta. Nordahl peiker på at byrjinga var i ein rolegare periode og at dei enno ikkje har hatt nokon av høgsesongane.
– September til november er det lågsesong for alle butikkar i landet. Det er jul, påske, langhelgene i mai og i sommar det tek seg opp, seier Nordahl.
Særleg trur han feriene vil merkast på butikken i Sveio.
– Handelslivet i Sveio får ein oppsving til sommaren slik som hyttekommunar flest, seier Nordahl.
Som statleg verksemd må dei gå i pluss for å overleva, sidan eit underskot må dekkast av statsbudsjettet og Nordahl trur ingen politikarar vil prioritera pol over barn eller eldreomsorg. Difor er han glad for at butikken går bra. Innan det har gått eit år trur han salet vil vera på mellom 60 og 70.000 liter.
– Men, det er ikkje eit mål å selja mest mogeleg, men me er nøgd når me treffer kva me rekna ut på førehand, seier Nordahl.