Det kan bli mange ledige stolar i Stortinget når straumstøtta til næringslivet skal behandlast. Men Stortinget er beslutningsdyktige med 60 prosent av representantane til stades.FOTO: NPK
Ein av tre stortingsrepresentantar på reise når straumstøtta blir behandla
NPK-NTB: Ein tredel av Stortinget er bortreist den dagen straumsituasjonen skal behandlast. Næringskomiteen er i Argentina.
Måndag 19. september held Stortinget ekstraordinært møte for å løyse straumkrisa. På dagsordenen står debatt etter ei forklaring frå olje- og energiminister Terje Aasland (Ap). Men i alt 59 av Stortingets 169 stortingsrepresentantar vil ikkje vere til stades når straumsituasjonen skal behandlast, skriv Aftenposten.
Tre komitear med 47 stortingsrepresentantar er på reise i utlandet denne dagen. I tillegg reiser éin representant til Natos parlamentarikarforsamling i Japan. Ein annan deltek på Europarådets parlamentarikarforsamling i Aten.
Næringskomiteen har ansvaret for næringslivet som slit med straumprisane.
Komiteleiar, Willfred Nordlund (Sp), seier at han «har stor forståing for at spørsmålet blir stilt». Men det er mange norske selskap som Hydro, Jotun og Equinor med stor aktivitet i Sør-Amerika.
– Det har vore vurdert å både avlyse og utsetje reisa. Medlemmene i komiteen er svært opptekne av norsk næringslivs rammevilkår både i Noreg, og samtidig kva moglegheiter vi har for auka eksport, skriv han i ein SMS og understrekar at komiteen gjerne skulle vore til stades.