nyhende
Ein av tre drikk alkohol kvar veike
Ein av tre her i landet har drukke alkohol minst éin gong i veka det siste året, noko som er om lag på same nivå som i fjor.
Tal frå SSB viser at 34 prosent av befolkninga i alderen 16 til 79 år har drukke alkohol minst éin gong i veka dei siste tolv månadene. I fjor låg andelen på 36 prosent.
Vaksne og eldre drikk hyppigare enn dei unge, men ungdommen drikk meir når dei først drikk. Det viser undersøkinga Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjort i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI).
Ein av fire oppgir at dei drikk månadleg, som er like mange som seier dei drikk sjeldnare enn månadleg. Samtidig seier 17 prosent at dei ikkje har drukke alkohol i det heile det siste året.
Menn drikk både oftare og meir enn kvinner. 39 prosent av mennene oppgir at dei har drukke alkohol minst ein gong i veka, mot 28 prosent av kvinnene. Her er det ein svak nedgang frå i fjor, då andelane låg på høvesvis 42 og 29 prosent.
Omsetningstala for alkohol viser ein nedgang i alkoholsalet i 2022 og nedgangen ser ut til å halde også fram i 2023, ifølgje SSB.